Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Curabitur convallis est nec nibh adipiscing, non fermentum dolor lacinia. Praesent vitae lacus mi. Proin ornare et velit at vehicula. Duis sed ligula in neque blandit eleifend.
19. september 2019
Ved Rotarymøte 18. september heldt Knut Molnes "3 minutt" om vindmøller, og Knut Henning fortalte og viste bilder frå sykkelturen: Oslo - Paris i august. Dette var ein sponsortur for å samle inn penger til Kreftforeninga.
12. september 2019
Ole Bjørn Roald held foredrag om dei arkeologiske funna på Auremarka. Han ser for seg at ein kan lage ei opplevingsreise for turister der ein kombinerer vikingkultur og arkeologi med kulinariske opplevinger.
5. september 2019
Petter sin første Presidenten sin time med Vinlotteri. Elles artig 3 - minutt ved Rolf og bildeserie frå Sommercampen ved Ingjerd.
30. august 2019
May Brit og Lone besøkte SRK og fortalte og viste film frå Lola Day Care Center. Dette er eit førskuletilbod til dei aller fattigaste barna ved byen Bogo på Filippinene. Vidare fekk vi sjå frå "Little Norway" og frå besøk i det lokale fengselet.
22. august 2019
Kreftkoordinator i Sykkylven, Tone Tandstad heldt eit interessant og opplysende foredrag i Sykkylven Rotaryklubb. Ho fortalte at jobben er å vere kontaktledd mellom pasient, sjukehus og fastlege.
13. august 2019
Sykkylven Rotaryklubb fekk celebert besøk av 12 ungdomer frå 10 forskjellige land. Sjå bilder og les eit lite resyme av programmet.
27. juni 2019
Då var det siste møtet til president Greta. No tek Petter over og vi kan tittelere han som president Petter. Det heile blei feira med kaffe og marsipankake. Elles fortalte Olav frå turen sin på Donau. Les om dette i referatet.
20. juni 2019
Vårt nye rotaryven, Arild Sporsheim heldt sitt ego/yrkesforedrag.
Foredraget var interessant og personlig. Arild viste også mange bilder frå barndommen og heilt fram til våre dager.
3- minutt var ved Hallgeir Lade som fortalte om Trio Beslag.
13. juni 2019
Distrikts-Noreg på sitt beste: Vesle Emil, pappa Kjell Roset og mamma Iwona Uchal driv Gardskjøkkenet, ei blomstrande bedrift, takk vere energi, godt humør, pågangsmot og fagleg dugleik. Les vidare referat.
8. juni 2019
Dette var siste Presidenten sin time for Greta. Ho synes at eit år har gått fort. Elles orienterte CYEO, Ingjerd om Sommercamp i august. Greta, som er styreleiar i Reuma - Sol, gav oss ei orientering om senteret.