Ekornes/Contract

Ole Bjørn Roald heldt foredrag om Ekornes/Contract i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå Rotarymøte 28.02.2018:

President Bastian ønske vel møtt til dette siste Rotarymøte i februar. To gjester ønska han også vel møtt: Kvelden sin foredragsholder, Ole Bjørn Roald og Roald Mork.

Litt om dagen i dag: Marina og Maren har navnedag.

1780: Karl Deichman døde denne datoen. Han danna Deichmanske bibliotek i Kristiania.

1873: Armauer Hansen oppdaga leprabasillen som er årsak til spedalskhet.

1901: Linus Pauling født. Fekk Nobelprisen i kjemi 1954 og Nobels fredspris i 1962.

1954: Stein Eriksen vann gull i VM i slalåm.

1986: Statsminister i Sverige, Olof Palme blei myrda.

1996: Verdensmester på 400 m hekk, Karsten Warholm født.

Når det gjaldt Rotarysong hadde trubadur Olav gjort seg mykje føre. Han fortalte at i 1994 feira Ullavik - skule 20 års jubileum. I det høve, slo dei virkelig på stortromma. Dei hadde bede inn sjølveste Elisabeth Andreasson og låtskriver Rolf Løvland. Men YouTube - opptaket han viste, var frå 1992 og viste Elisabeth som song «Danse mot vår» Vi andre sang med så godt vi kunne.


Presidenten meinte at tonen låg litt høgt, men at han greidde å nå opp akkurat.

Sekretær fekk ordet litt på overtid, og kunne forkynne at det er

Knutene Jarle Vik og Vollstad sin tur for BUAS- besøk. Nils Arve blir 62 år 4.mars

Frammøte sist var litt stusselig, 16 frammøtte som gav frammøteprosent på 43.

Geir Løseth har nettopp fylt 50 år, og takka i det høve for helsing og blomster frå klubben.

3-minutt var ved Bjørg Welle. Ho spurte først om vi hadde høyrt om noko som heiter «Inn på Tunet». Referent hadde ikkje høyrt om dette, men det var mange andre som hadde gjort det.

Her i Sykkylven er det to garder som er klassifisert som «Inn på Tunet» – garder. Her kan personer med forskjellige behov og/eller funksjonshemminger få delta i drift av garden. Der i gjennom også komme i kontakt med dyra på garden. Dette gir ein stor helsegevinst både  fysisk og mentalt. For dei pårørende er det også stor gevinst med bl.a.  avlastning i ein krevende kvardag. For å bli klassifisert som «Inn på tunet –gard» er det strenge betingelser som må oppfylles. 

Om referent ikkje visste om nemninga «Inn på Tunet», så har han  i alle fall ei viss peiling no. Dette tiltaket står i stil med mottoet «Skaperglede» her i Sykkylven.

Etter Rotarykaffi fekk kvelden sin foredragshaldarer Ole Bjørn Roald ordet. Han fortalte oss om eit lite firma som ikkje er så kjent, Ekornes/Contract. Dette held til Vestlandske Ekornes sitt bygg. Dei er eit av fire selskap i det store Ekorneskonsernet: Stresslessdelen   som står for 92 % av omsetninga i konsernet. Videre Svane,  så IMG ved Nils Gunnar Hjellegjerde, og til slutt, nevnte Ekornes/Contract. Heile konsernet har ei omsetning på 3,3 mrd. kroner, medan Ekornes/Contract omsatte i 2016 for 59 mill. kroner. Det er 8 ansatte her.

Tidligere var det shipping og møbelinnredning her som stod for den største delen av omsetninga. Så kom oljekrisa og botn falt ut av dette markedet. Då var gode råd dyre. No gjaldt det å finne nye markeder for å ta igjen det tapte.

Eit av dei nye satsingsområda blei hotellmarkedet. Her er det store muligheter. Ekornes - produkt er kjent for å vere litt kjedelige og massive, og ikkje så godt egna for hotell. Dette gjaldt det å motbevise. Lettere og meir trendy modeller blei bestilt som passa bedre inn i hotellkonseptet.

Eit anna område, som Ole Bjørn såg muligheter i, er dei nye cruiseområda, der explorerskip  kan vere eit potensialt marked.

Andre markeder er helseinstitusjoner, skuler og næringsbygg.

Det blir satsa stort på markedsføringsbiten. Det gjaldt å vise at Ekornesprodukt ikkje berre egner seg til kvilestoler. Dessuten komme bort frå inntrykket av at Stressless - stolene er dyre.

Særlig bli det satsa på Web - basert reklame. Særlig 3D reklame, der kunden får sjå korleis dei ulike møblementa passa inn i forskjellige miljø.

Eit konsept som kanskje ligg litt fram i tid, men som har potensiale i seg, er sengemadrasser til hotell. Svanemadrasser er litt dyre, så luksushotell er nok dei mest aktuelle kundene her.

Jarle Slyngstad har konstruert ein spisestol, som har det geniale ved seg, at den kan stillest i tre posisjoner, alt etter kva kunden synes er komfortabelt. Denne sammen med spisebord, er  eit marked som Ole Bjørn kan tenke seg å satse på i framtida.

Eit interessant foredrag om ei nisje innen Ekorneskonsernet som, ialle fall referent, visste lite om.

Som takk for det flotte foredraget, fekk Ole Bjørn overrakt to innpakka oster. President bad meg vere oppmerksom på at det er to oster som er gave og ikkje ein.


Tilslutt minte han om Presidenten sin time neste onsdag 7. mars og ønska så alle vel heim.

Referent

Jarle Svindseth 




 
Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS