Vakt
19-21.30: Ingjerd Asbjørnsen, Arvid Nordstrand, Bastian Weiberg-Aurdal. Vakt
21.30-00.00: Kristin Grebstad, Petter Velle, Olav Pileberg. (bilete)
Tradisjonen
tru stiller Rotary-klubben i Sykkylven med vakter til rusfritt arrangementet
som kvart år i april vert skipa til i Storhallen, som eit samarbeid russ
– politi, og fleire. Treffet denne fredagskvelden føya seg pent inn i rekka med
vellykka gjennomføringar,- i alle fall sett med vaktene sine auge. Eit par
hundre unge frå ungdomsskulen og oppover såg ut til å ha det kjekt i lag, og frå
«sjef-arrangør» og blåruss Anna Birgitte Våtmyr var det berre godt å høyre. Ho
fekk full støtte frå sjølvaste russepresidenten, rødruss Willian Hansen (Mannen
i «gulljakke» til høgre i biletet.) Sykkylven Rotaryklubb ønskjer russen alt
godt i feiringa som ligg føre, men også alt godt til sykkylvs-ungdommen i det
heile som har krevjande eksamensarbeid å hanskast med framover mot slutten av
skuleåret. Lykke til!
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.