Sykkylven
Rotary Klubb, Klubbmøte, den 30. juni 2021 kl. 19.
Skrivar: Olav Pileberg
Siste møte i
Rotary-året: President Knut Jarle Vik gav kjede og nål vidare til vår nye
president, Roger Kornberg. Les referat.
President Knut Jarle Vik ønska alle vel møtt til årets siste møte, med 3-minutt,
president-skifte og vinlotteri. Ingen gjester.
Informasjon:
Presidenten orienterte om namnedag for Solbjørg og Solgunn. Året 1815 baud på at
Høgsterett avsa den første dommen,- etter at dette øvste retts-nivået kom med i
Grunnlova i 1814. I 1940 vart Kong Haakon VII oppmoda av «deler av Stortingets
presidentskap, som ikke flyktet» om å abdisere. «Kongens NEI» kom 8. juli, i ei
tale over radio. Fødselsdag 1948 for skøyteløparen Dag Fornæss.
I ein og same sesong 1969 vann han både
noregsmeisterskapet, europameisterskapet og verdsmeisterskapet samanlagt. Han
er i dag 73 år, og bur på Hamar. 1994: NATO sitt hovudkvarter på Kolsås, Bærum,
vart lagt ned. Etter dette klart for…
Allsong: Olav
hadde – til ære for gammal og ny president – funne fram «Midt i alt som kan
kløyve og skilje, Skal vårt Rotary knyte eit band…» av Henrik Straumsheim. Ein
strålande Rotary-song!
3-minutt:
Dagens 3-minutt kom frå Hallstein Lillevik: gjennom
Korona-tida frå i fjor vår, har mange av oss lært seg å leve med «heimekontor».
I einskilde bransjar har produktiviteten auka i denne perioden. DN
(Dagens Næringsliv) viser til ei gransking som melder at 4 av 10 vil vidareføre
ordninga med heimekontor. Kva blir «det normale» i framtida? I vårt 8-etasjers
administrasjonsbygg midt i Oslo, flytter vi i Vy ut av tre etasjar. Desse skal leigast ut til
forsikringsselskapet Gjensidige. Hos oss i Vy vil vi praktisere «Clean desk»,
der ingen har fast plass, men loggar seg opp til nettverket der det er ledig
plass i landskapet. For ei bedrift er det «vekkasta pengar» å ha for mange
kontorplassar. DNB signaliserer at dei skal bygge om eigedomen sin i Barcode/
Operakvartalet i Bjørvika, til monaleg (50 %) færre kontorplassar, og satsar
dessutan fram til å redusere reisinga til møte osb. med heile 50 prosent. Virtuelt
på video gjev same resultat, til ein brøkdel av kostnadene. Andre store
bedrifter med tusenvis av tilsette kommuniserer liknande bodskap. Liknande
signal kjem frå kommunar og andre off. etatar. Kva vil så skje i framtida?
Dagens ungdom tenkjer annleis enn vi tilårskomne. Det viktige er at jobben blir
gjort! Sykkylven har omgrepet «bulyst» -
lyst til å bu – som eit av sine mantra for busetnad i kommunen. Jamfør her i
møtet den 9. juni, då Åsne Folstad snakka om Reiselivsutvikling. Kan hende bør
Sykkylven satse på utbygging av kontorfellesskap, der ungdom kan finne ein
arbeidsstad for å tene bedrifta si – som kanskje er lokalisert ein heilt annan
stad i landet… I Måløy bygger dei om ei sjøbu på fleire 1000 kvadratmeter «Peak
Måløy» (kan googlast) til liknande formål. Tilflytting, bulyst, auka aktivitet;
stikkord for dagens utbygging i ein kommune som vil vekst. Så langt Hallstein
Lillevik, områdesjef Buss Midt-Norge i Vy.
Matøkt: Kaffi og kaker kom så
på bordet, velsmakande som alltid, og servert på beste anti korona-vis. Sal av lodd i
Vinlotteriet. (Skrivaren: det må vere råd å supplere gevinstane med alkoholfri
vin, slik at vinnarane kan velje «alkoholfritt» om dei så ønskjer.)
Presidentskifte:
President Knut Jarle introduserte det høgtidelege skiftet
av president med Rotary-song, dikta av Kårstein Blindheim: Vi kjem alle frå
ulike yrke, og skal utveksle tankar og ord… Tonefylgje av Olav P, piano.
Først vanka det stor takk og blomster til to som går
ut av styret: Petter Velle og John Henrik Welle. Solid applaus! John Henrik har
valt å gå ut av klubben, men han er hjarteleg velkommen attende når tida er
inne for det.
Rotary-kjedet og ei Rotary-presidentnål vart så lagt på bordet, og medan klubbmedlemmene sto, lyfte Roger Kornberg kjeda i beste anti-korona stil på plass rundt halsen sin, som eit synleg teikn på sitt nye verv som President i Sykkylven Rotary Klubb 2021-2022. Blomsterbukett høyrde også med.
Roger takka for tilliten.
Applaus! Den nye presidenten håpa at vi i det nye rotaryåret vil komme attende
til ei noko meir normal drift av klubben. Nye mål og
organiseringa elles vil ein komme tilbake til etter ferien. President for
Rotary International, 2021-2022, er Shekhar Mehta frå India.
Foldar med SRK sitt styre og stell for kommande år
vart delt ut. Det vart nemnt spesielt at denne skrivaren, Olav P, etter mange
år og eige ønske har gått ut av PR/ Info komitéen.
Første møte etter ferien blir 25. august.
Kontakt-info til styret er å finne på medlems-foldaren, og elles på nettsida
vår, www.sykkylven.rotary.no
Dermed gjekk siste møtet før sommarferien mot slutten.
To heldige vinnarar av lotteriflaskene fekk som fortent, og møtet vart avslutta
med songen «Jag tror, jag tror på sommaren» og president Roger sine gode ønske
om «God sommar til alle!» Vi sjåast den 25. august
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum! 24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.
Dugnad i Kyrkjeparken
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
Sykkylven Næringsutvikling
InterCitymøte på Berlihuset
Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK
KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund