Referat frå møte i Rotary 24.08.22
1. Presidenten ønskte velkomen til dagens møte, og hadde ein gjennomgang av dagen i dag.
2. Dagens 3-minutt var ved Olav Pileberg. Overskrifta på hans innlegg var «Ferieprofil sett frå mitt perspektiv». Reisa starta på Solgården i Spania og enda opp ved minnesteinen etter køyrekaren til Georg Sverdrup på Jevnaker. Han var då på veg til Eidsvoll i 1814.
3. Rotarysongen i dag var to vers av Fagert er landet, som ei oppfølging av Olav p. sitt innlegg.
4. På oppsummeringa frå sekretæren vart det opplyst at
a. Asbjørn Klokk fyller 75 år 28.august. Klubben sender ein bukett til han. Vidare hadde desse fødselsdag i juli: Roger Kornberg 58 år, Ove Straumsheim 82 år, Petter Velle 71 år, Knut Jarle Vik 58 år og Greta Herje 73 år. Gratulerer så mykje til dei alle.
b. BUAS komande veke – her avventar vi litt. Sjå og frå Presidentens time seinare i referatet
c. Frammøte sist møte 19 medl /47,5%
5. Rotarykaffi med vinlotteri og trekning
6. Presidentens time. Knut hadde ein gjennomgang av div informasjon og refleksjon
· Ny verdenspresident er Jennifer Jones. Hennar fire mål for arbeidet dette året er:
o Mangfald, rettferdigheit og inkludering
o Engasjere medlemmane ved å lytte – kvifor er du medlem i Rotary
o Styrke jentene / empowering girls
o Vise omverda at vi utgjer ein forskjell
· Det er Distriktsguvernørbesøk tysdag 6.september. Invitasjon er sendt ut, og det vart sendt rundt påmeldingsliste på møtet. Denne vil og verte sendt rundt på neste møte. Om nokon ikkje er på møta, men ønskjer å melde seg på så send ein epost til sekretæren. Pris 400 kr. Påmeldingsfrist er 31.august.
· Vi er oppfordra til å nominere kandidatar til både rolla som Distriktsguvernør i 25/26 og som Lovrepresentant i perioden 23-26. Frist for nominasjon er 15.september.
· Knut M, Knut Henning A. og Steinar K. representerer klubben under Distriktskonferansen på Gjøvik 23.-25.september. Greta deltek i kraft av si rolle i Distriktet. Knut skal der også representere klubben under Årsmøte del 2 for distrikt 2305.
· Gjekk igjennom dei viktigaste punkta på styremøtet 17.august.
· Olav P. stilte spørsmål om status for overføring av gudstenester frå Sykkylven kyrkje til BUAS. Presidenten sjekkar opp og melder tilbake.
Neste møte blir 31. juni 2022 kl. 19.00 - 20.00
Program: Kraftsituasjonen v/adm.dir i Sykkylven Energi, Per Arne Edvardsen
Referent: Bjørg Dyrkorn Velle
Matkomité: Odd Holen og Bastian Aurdal
3 minutt: Roger Kornberg
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.