Referat: Rotarymøte 14/9-22
Møteleiar: President Knut ynskte gjestar og medlemmar velkomen.
Gjestar : Natalie Bøe, Lars Thomas Abelseth, vesle Olivia og Svein Erik Kampenes
Song: Gåsa, katten og hanen
3 minutt : Knut Henning Aursnes
Aursnes, vi bygger fremtiden
Han fortalde at dei no hadde fått godkjenning av Aureosen 2, som er utleigebustader finansiert gjennom husbanken. Det skal byggast to femmannsbustadar i tre høgder. Det er eit samarbeid mellom Hjemmelkompaniet og Sykkylven kommune , der kommunen har tilvisingrett på 40% av bustadane.
Program: Sølmongården v/Lars Thomas Abelseth
Sølmongården
-Et fristed for store og små
Natalie Bøe og Lars Thomas Abelseth driv i dag Sølmongården med gardsturisme og Innpå tunet tilbod. Dei er 15. generasjon på garden og har lagt ned mykje arbeid for å gjere bygningane tenlege til driftsmåten. Garden har fått «Inn på tunet godkjenning» og dei vil halde fram med oppgradering av bygningsmassen og vidareutvikling av tilboda sine. Garden har eit mangfald av dyr, Inn på tunet tilbod til born i grunnskulen, Open gard, utleige på Hindaholen , kajakk utleige og enkel kioskdrift.
Vi ynskjer dei unge bøndene lukke til, og vonar på mange turistar/kundar til eit flott tilbod i flotte Sykkylven!
Bjørg.
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.