Sykkylven Rotaryklubb
President | Knut Martin Molnes | |
Visepresident | Knut Henning Aursnes | |
Past president | Roger Kornberg | |
Kasserar | Hallgeir Lade | |
Sekretær | Steinar Klokk | |
CYEO | Sindre Stue | |
CICO | Roald Mork | |
TRF | Grete Herje |
Sykkylven RK, Bankbygget
Onsdag 05.10.2022 kl. 2000-2130
Møteplan: Leiar for programkomiteen gir innspel på at det er litt utfordringar ved at det er lite
oppmøte og delaktigheit på møta. Styret vurderer ulike tiltak for å bedre situasjonen. På neste klubbmøte vil det verte sett av tid til dei ulike komiteane for å arbeide med oppgåvene dei er sette til.
Arkivering: Styrereferata vert lagt i ei eiga mappe på heimesida. Roald fiksar det tekniske. Øvrige referat vert liggande på ei tilsvarande mappe. Begge mappene krev innlogging via min side for å gi lesetilgang.
Reingjering: Knut M. tek kontakt med Redd Barna som nyttar lokala tysdagane til leksehjelp og sjekkar moglegheita for at dei kan støvsuge etter seg 2 x pr mnd.
Besøkstenesta: BUAS, individuelt, Røde Kors besøkstjeneste. Etter ein diskusjon i styret konkluderte vi med at det vert laga til ei rullering som før, men målet er at vi skal besøke nokon som kan ha behov for eit besøk. Dette kan kvar enkelt gjere, og det vert eit meir naturleg opplegg der folk som har behov for eit slikt besøk kan få det, utan at dei nødvendigvis er gamle eller bur på BUAS. Sekretær fører liste og minner om det på møta. Sekretær sender også påminning på epost. Det er viktig at det vert meldt tilbake når ein har vore på besøk, slik at vi kan få lagt det inn i klubbrapporten. Vi lagar også ei tipsliste som vi legg ved påminninga ifht aktuelle personar å besøke. Dette kan vere gamle klubbmedlemmar, naboar, familie, gamle arbeidskameratar, klassekompisar og BUAS. Vi sjekkar og med Flyktningkontoret om dei veit om personar i deira system som har behov for slike besøk.
End Polio 24.10. Då det erfaringsmessig har vore lite aktivitet på tidlegare arr. Knytt til End polio konkluderte vi med at inntektene frå vinlotteriet 2.november vert avsett til dette formålet.
Skrivarstova: Neste milepel er å få på plass ein avtale med familien (M. Straumsheim) ifht drift og bruk. Vidare vert det lagt opp til ei ny synfaring for å få kontroll på kostnadane for å fikse taket. Det er ein lekasje rundt pipa, men ein er usikker på omfanget. Vidare skal det lagast ein plan for prosjektet og deretter må det utformast søknadar både til Rotary og andre bedrifter / institusjonar her i bygda. Det er imidlertid viktig å vere tydeleg på at dette er og skal vere eit Rotary-prosjekt.
Skogrydding BUAS, jfr. Nyss. Bastian W-A har stilt spørsmål om det vil vere eit aktuelt prosjekt for Rotary å rydde skog rundt BUAS jf. oppslag i NYSS. Konklusjonen i styret var at vi har mange prosjekt på gang, og at vi heller bør legge innsatsen på dei vi alt har og gjere dei skikkeleg.
Kyrkjekaffe 14.012.2022. Vi har vorte utfordra av kyrkje til å stille med 5 personar til kjøkkenteneste denne dagen. Arrangementet er for pensjonistar, bebuarar på BUAS og brukarar innanfor Bu- og rehabtenestene. Knut har dialogen med kyrkja, og så sender vi ut ei påminning når det nærmar seg.
Status. Vi har ikkje fått tilbakemelding frå kommunen rundt utvikling av lokala. Steinar tek kontakt for å sjekke status.
Nøkkelskap med kode. Vi vil få på plass ein nøkkelboks som heng på sida av eit av skapa i lokalet. Her heng vi nøklane til skapa samt ein reservenøkkel til ytterdøra. Knut tek kontakt med kommunen og får på plass 2 nye nøklar. Ein reserve og ein til matkomiteen. Han vil samstundes sjekke datatilgangen.
Status. Det vert foreslått å endre talet på styremedlemmar frå 8 til 10. På den måten vert det plass til alle komiteleiarane. Fram til evt vedtak blir dei invitert med på møta med tale og forslagsrett. Elles informerte Roger om framdrifta elles.
Status. Søknadsfristen er 01.11.22. Vi drøfta moglegheitene for å få til noko slikt, og konkluderte med at vi henger opp informasjonsplakatar på Sykkylven ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule.
Mål som er sett opp i Club Central
Presidenten foreslår at måla blir uendra, Styret vedtok, som presidenten foreslo, at måla vert ståande uendra.
Oppsummering. Etter ei kort runde rundt bordet var konklusjonen at ting fungerte og at vi var fornøgde med både opplegg og gjennomføring.
Oppsummering. Fantastisk bra konferanse med mange gode forelesarar og elles eit godt opplegg som ga deltakarane mange gode opplevingar. Ein kan trygt oppmode folk til å delta ved neste høve.
Sak 19/2223 Årsmøte 25.09.2022 Distrikt 2305
Orientering. Årsmøtet vart gjennomført raskt og effektivt utan at det var saker som skapte diskusjon.
Sak 20/2223 Revisjon av sangheftet
Utval. Styret meinar at det er på tide med ein revisjon av sangheftet, og at det samstundes vert digitalisert slik at det vert enklare både å nytte og å revidere. Knut tek kontakt med Olav P. for å involvere han i denne prosessen. Det vart vidare foreslått å etablere ei arbeidsgruppe med Olav P, Bjørg og Arild som medlemmar.
President og kasserer. Hallgeir informerte om budsjettprosessen så langt, og at det vert arbeidd vidare med eit endeleg forslag til budsjett fram til neste styremøte.
Sak 22/2223 Valg av styre for 2023-24
Vedtak på årsmøte. Innkomande president skal starte arbeidet med forslag til nytt styre. Han vil der ta utgangspunkt i styret sitt forslag om utviding frå 8 til 10 medlemmar.
Sak 23/2223 Rekruttering
Det vart diskutert korleis vi kan klare å rekruttere fleire medlemmar, og då gjerne både yngre, kvinner og personar med anna etnisk bakgrunn. Vi konkluderte med at Roger inviterer medlemmane som er under 60 år til eit møte for å i fellesskap identifisere nye aktuelle personar som vi kan få med i klubben.
Sykkylven 02.10.2022
Knut Martin Molnes
President
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.