Møtereferat Rotarymøtet onsdag 16. november 2022 |
Pasjonnspelet i Oberrammergau v/ Helge Standal
President Knut Molnes helsa velkomen til Rotary-vener og gjest Svein Erik Kampenes
Om 16.november:
16. november er den 320. dagen i året og den 321. i skuddår. Det er 45 dager igjen av året. Den internasjonale toleransedagen.
Navnedag
Edgar, Edmund. Navnedagen er etter Edmund erkebiskop av Canterbury som døde denne dagen i 1240.
Historie
Norsk historie
Fødsler
Dødsfall
Jeg vil male dagen, tekst av Ebba Munk og melodi av Pia Rang
Hallstein Lillevik: Utvikling utsleppsfrie køyretøy
Første halvår i år er 80% av alt nybilsal av personbilar elektrisk
I fylgje SSB har vi 2.893.000 bilar i Noreg, der 16% er elektrisk
Dei økonomiske fordelane ved kjøp og bruk av elektriske bilar har vore store, men blir gradvis dårlegare og vil i løpet av nokre år truleg bli utviska.
Det er klart at det er dei tyngre køyretøya som står for størstedelen av utsleppa, men målsettingane til styresmaktene er at i 2025 skal alle bussar i byane vere utsleppsfrie. I 2030 skal 50% av alle lastebilar og bussar i i Noreg vere utsleppsfrie
I Ålesund har ein i dag 10 elektriske bussar som vart tatt i bruk 1. januar i 2021.
Dagens elektriske bussar er både billegare i innkjøp og dei har større batterikapasitet, så utviklinga går veldig fort !
Vi har hatt elektriske bussar sidan midt på 1900-talet – dei såkalla Trolley-bussane har gått mellom anna i Bergen og Laksevåg – dei har elektriske kontaktkablar som heng over vegbana.
Når det gjeld framtidig utvikling av energi så er Hydrogen eit alternativ, ja sjølv atom-drivne køyretøy kan vere alternativ i framtida.
-Rotary-kaffi med julebrød m/brunost frå Kjellaug Roald
Hovedtema
Helge Standal heldt hovudforedraget, og han tok oss med til den tyske byen Oberrammergau i Garmisch-Partenkirchen-distriktet i Bayern.
Han og kona var sist sommar guidar for Pluss-reiser i Ålesund til dette området i Tyskland.
Byen har ca 5300 innbyggarar og er kjent for sitt pasjonsspel, sine treskjerarar og NATO-skulen.
Det kjende pasjonsspelet er eit teater som blir spelt kvart 10. år, men på grunn av pandemien så var det 12 år sidan sist.
I 2010 var det heile 480.000 personar som såg dette spelet og halvparten var utlendingar.
Denne tradisjonen strekkjer seg tilbake til 30-årskrigen i Europa mellom 1618 og 1648
I 1632 braut det ut pest, men dei stengde denne dalen for besøk og klarte å halde den unna, heilt til at ein person slapp inn og drog med seg pest-smitta - 84 av innbyggarane døydde.
Men innbyggarane bad til Gud og lova at viss ingen fliure døydde, så skulle dei kvar 10. år framføre eit takkespel, eit pasjonsspel som skildra Jesu liding og død.
Heile 2000 personar er med på dette spelet, og kravet er at dei enten skal vere fødde der eller ha budd der i minst 20 år – barn får imidllertid vere med uansett.
Dei har ein stor sal med plass til 4700 personar, dei har kor på 120 personar og orkester på 70 personar.
To år før spelet blir køyrt, vert rollene fordelte.
I løpet av denne sommaren har dei 109 forestillingar pr veke i perioden 14. mai til 2. oktober.
Forestillinga starter kl 14.30 og varer til kl 22.30 med innlagt 3 timars middagspause.
Han skildra dette som ei fantastisk musikalsk og teatralsk oppleving, og han ville til slutt oppmode dei som fann dette interessant allereie no å plotte inn i kalenderen sin for 2030 neste pasjonsspel i Oberrammergau !
Helge Standal heldt eit svært interessant foredrag frå pasjonsspelet i Oberrammergau
Refererent
Bastian Weiberg-Aurdal
|
|
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.