Tekn.sjef Jens Arne Strandabø, firmaansvarleg for design og produktutvikling, ønskte velkomen, og fortalde at bedrifta gjennom fleire eigarskifte, no nyleg var komen tilbake til lokalt eigarskap.
Eigarar av bedrifta er Per Anton Støylen, Asgeir Skogstad og Jens Arne Strandabø, og firmaet driv hovudsakleg med framstilling av produkt basert på komponentar av termisk plast type PE. Det dreier seg om om div. prosessorar for vannfiltrering og vannbehandling etc. Årleg omsetning er på 40-50 mill., det er ca. 25 tilsette og firmaet har ei produksjonsflate på 12000m2.
Viktige produkt er vannfilter (Aqua-filter), Aquatrans-ventil, sjøledningar(Piping), HardRib og serviceflåtar (Servicefleet), Manifolder (vannfordeling) og UV-filter, eigne maskiner (Machining). Firmaet driv ikkje med eigen produksjon av komponentar, men kjøper alle plastprodukt som som rør, plater etc., bearbeider desse maskinelt og sveiser dei saman. Dei leverer sine ferdige produkt til aquakultur, drikkevassforsyning, vatn og avlaup, industri, varmevekslarar etc.
Det er mange konkurrerande produsentar av filter, og rensing er nødvendig. Aquaservice har eit eigenprodusert som ikkje rustar dvs. av plast. Ulempen med plast er at den er brennbar, og dette set såleis begrensningar. Store vassmengder med sand gjennom filter av polyetylen kan gi noko avfall i form av microplast, men dette er ubetydeleg og ufarleg. Polyetylen PE er ein av dei reine plasttypene, næringsmiddelgodkjent, same materiale som i handleposane i plast, ikkje noko PCB. I brent polyetylen er det kun CO2 og vatn. UV-filtrering er også aktuelt, særleg ved drikkevassforsyning.
Det finst system for oppsamling av avfall frå brønnbåtar (Bag filter), også i polyetylen. Produkt i form av slangar blir benytta på brønnbåtar, mærer etc., med rør (Aqua-trans) for transport og fordeling av fór samt sortering av smolt og fisk. Aquatrans og tilsvarande blir også benytta til gjenkjenning av laks på individnivå. Kameraovervaking blir nytta, laksen kan målast m.o.t. vektauke, helsetilstand osv. Sjøledning er eit produkt som er aktuelt i mange samanhengar, det same med tankanlegg, alt naturlegvis i PE.
Aquaservice AS kan stå for både produksjon av alle komponentar, av og til samansett i Sykkylven og av og til langt unna, for eksempel i Nord-Norge. Montering av div. installasjonar kan i prinsipp utførast over heile landet.
Utfordringar for bransjen pr. no er prisauke på kjøp av nødv. produkt, rentestigning og grunnrenteskatt, samt det krigen i Europa medfører. Aquaservice er etter nyetableringa ei ung bedrift, og der er mange store konkurrerande aktørar på marknaden. Aktiv marknadsføring er viktig, og kampen om oppdrag er stor. Med dette i minne går dei ei spanande framtid i møte.
Etter firmapresentasjonen fekk rotaryanarane omvisning i produksjonslokala.
Referent Odd Holen
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.