Besøk Aquaservice i Straumgjerde

Tekn.sjef   Jens Arne Strandabø, firmaansvarleg for design og produktutvikling, ønskte velkomen, og fortalde at bedrifta gjennom fleire eigarskifte, no nyleg var komen tilbake til lokalt eigarskap. 

Eigarar av bedrifta er Per Anton Støylen, Asgeir Skogstad og Jens Arne Strandabø, og firmaet driv hovudsakleg med framstilling av produkt basert på komponentar av termisk plast type PE. Det dreier seg om om div. prosessorar for vannfiltrering og vannbehandling etc. Årleg omsetning er på 40-50 mill., det er ca. 25 tilsette og firmaet har ei produksjonsflate på 12000m2.


















Viktige produkt er vannfilter (Aqua-filter), Aquatrans-ventil, sjøledningar(Piping), HardRib og serviceflåtar (Servicefleet), Manifolder (vannfordeling) og UV-filter, eigne maskiner (Machining). Firmaet driv ikkje med eigen produksjon av komponentar, men kjøper alle plastprodukt som som rør, plater etc., bearbeider desse maskinelt og sveiser dei saman. Dei leverer sine ferdige produkt til aquakultur, drikkevassforsyning, vatn og avlaup, industri, varmevekslarar etc.

Det er mange konkurrerande produsentar av filter, og rensing er nødvendig. Aquaservice har eit eigenprodusert som ikkje rustar dvs. av plast. Ulempen med plast er at den er brennbar, og dette set såleis begrensningar. Store vassmengder med sand gjennom filter av polyetylen kan gi noko avfall i form av microplast, men dette er ubetydeleg og ufarleg. Polyetylen PE er ein av dei reine plasttypene, næringsmiddelgodkjent, same materiale som i handleposane i plast, ikkje noko PCB. I brent polyetylen er det kun CO2 og vatn. UV-filtrering er også aktuelt, særleg ved drikkevassforsyning.




























Det finst system for oppsamling av avfall frå brønnbåtar (Bag filter), også i polyetylen. Produkt i form av slangar blir benytta på brønnbåtar, mærer etc., med rør (Aqua-trans) for transport og fordeling av fór samt sortering av smolt og fisk. Aquatrans og tilsvarande blir også benytta til gjenkjenning av laks på individnivå. Kameraovervaking blir nytta, laksen kan målast m.o.t. vektauke, helsetilstand osv. Sjøledning er eit produkt som er aktuelt i mange samanhengar, det same med tankanlegg, alt naturlegvis i PE.

 

Aquaservice AS kan stå for både produksjon av alle komponentar, av og til samansett i Sykkylven og av og til langt unna, for eksempel i Nord-Norge. Montering av div. installasjonar kan i prinsipp utførast over heile landet. 

 











































Utfordringar for bransjen pr. no er prisauke på kjøp av nødv. produkt, rentestigning og grunnrenteskatt, samt det krigen i Europa medfører. Aquaservice er etter nyetableringa ei ung bedrift, og der er mange store konkurrerande aktørar på marknaden.  Aktiv marknadsføring er viktig, og kampen om oppdrag er stor. Med dette i minne går dei ei spanande framtid i møte. 

 

Etter firmapresentasjonen fekk rotaryanarane omvisning i produksjonslokala. 

 

 Referent Odd Holen

                                                                                                                                                                                                                                                                                    

                                    

                                                                                                                  


 
Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS