Til stades: Knut Martin Molnes, Roald Mork, Knut Henning Aursnes, Steinar klokk
Sak 24/2223: Hovedprosjekta våre.
Vinlotteriet 2.november gav ca 2.300 kr i overskot. Under møtet vart det bestemt at klubben bidreg med 2.700 kr slik at det totale bidraget frå SRK vert på 5.000 kr.
Sak 25/2223: Nye prosjekt
Skrivarstova: Søknad om DG midlar er sendt 11.11.22
Kyrkjekaffi: Vi har no 3 som har meldt at dei kan hjelpe til på kyrkjekaffien 14.12, og Knut Martin jobbar vidare for å nå målet om 5 frivillige.
Sak 26/2223: Vedtekter revisjon.
Saka utsett til neste møte.
Sak 27/2223: Ungdomsutveksling.
Saka utsett til neste møte
Sak 28/2223 Rekneskap og budsjett
Hallgeir har sendt over forslag på rekneskap og budsjett. Dette vart drøfta og Knut Martin skulle ta kontakt med han for nokre mindre innspel til justering.
Sak 29/2223: Val av styre for 2023 – 24
President elect, Knut Henning presenterte forslag til styre, og dette vart godkjent av det sittande styret. Vidare vart det drøfta om styret bør halde fram med å ha 8 medlemmar som i dag, eller om ein skal utvide styret med 2 plassar slik at det vert rom for komiteleiarane i program og prosjekt/service som i dag ikkje er med. På bakgrunn av diskusjonen laga styret to alternative framlegg som skal takast opp til diskusjon på årsmøtet 30.november i lag med evt andre forslag til endringar i vedtektene. Deretter vil dei bli tatt opp til votering på presidentens time 4.januar 2023.
Dei to alternative forslaga er:
Alt. 1: Det vert valt følgjande medlemmar til styret i Sykkylven Rotary klubb for arbeidsåret 23/24: under føresetnad av at vedtektene vert endra i løpet av første halvår 2023:
President: Knut Henning Aursnes
President elect: Nils Arve Kjemphol Schwartz
Past president: Knut Martin Molnes
Kasserar: Hallgeir Lade
Sekretær: Steinar Klokk
CICO: Roald Mork
TRF: Greta Herje
CYEO: Sindre Stuen
Dersom vedtektene vert endra i løpet av første halvår 2023 slik at der er mogleg å utvide styret til 10 medlemmar vert følgjande medlemmar valgt inn i styret for Rotaryåret 23/24:
Program: Kristin Grebstad
Prosjekt/service: Knut Jarle Vik
Alt 2: Det vert valt følgjande roller og medlemmar til styret i Sykkylven Rotary klubb for arbeidsåret 23/24:
President: Knut Henning Aursnes
President elect: Nils Arve Kjemphol Schwartz
Past president: Knut Martin Molnes
Kasserar: Hallgeir Lade
Sekretær: Steinar Klokk
CICO: Roald Mork
TRF: Greta Herje
Program: Kristin Grebstad
CYEO (Sindre Stuen) og Prosjekt/service (Knut Jarle Vik) har møte og talerett.
Sak 30/2223 Opptak av nytt medlem.
Styret innstiller på at Svein Erik Kampenes vert teken opp som ny medlem i klubben. Presidenten sender ut informasjon om dette til medlemmane på epost. Eventuelle innvendingar skal sendast til presidenten som epost innan ei veke etter utsending.
Referent Steinar K
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.