SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 14.12.22: KJETIL TANDSTAD OG ELDAR HØIDAL: «ÅRBOK FOR SYKKYLVEN»
President Knut Molnes ønskte velkomen, og nemnde nokre tidlegare hendingar på denne dag, 14. desember:
1911 Roald Amundsen når Sydpolen, 1916 Kvantefysikken grunnlagt av Max Planck, 1939 Sovjet utvist frå Folkeforbundet, Fødde: 1503 Nostradamus, 1546 Tycho Brahe, 1890 Sigurd Hoel, Døde: 1799 George Washington, 1989 Andrej Sakharov.
Namnedag: Stein, Steinar, Frammøteprosent siste møte: 57%, Dagens Rotarysong: «Julepresangen» av Alf Prøysen
Akuelt: Klubben har motteke kr.35.000 i «district grant» til Skrivarstova, og frå Rotarystyret i distriktet kr.6.000 til «Fredslys». Klubben gir kr.5.000 til organisasjonen «Gi glede».
Dagens 3-minutt var ved Øyvind Østvik, med tema «Natur og helse»
Ved høg alder er fysisk aktivitet viktig for god helse, noko det blir oppfordra til frå helsemyndigheiter og kommune. Eldrebølgja er er ei stor økonomisk utfordring for det offentlege, og i alles interesse er det at ein blir buande heime lengst mogleg. Naturen kan vere vårt beste «treningsstudio», og i Sykkylven; «Venleg, vill og vakker», er det masse natur å ta av! Imidlertid møter ein av og til uventa hindringar i utmark, f.eks. gjerde, uvanleg elles i landet?, og tunge grinder med kjetting. - Ein kan nesten mistenkje grunneigar for å vere lite interessert i at folk skal «tråkke i utmarka si». I seinare tid har det også kome opp «Forbudsskilt mot ferdsel», men Allemannsretten skal gjelde! Det er positivt at kommunen har opparbeidd parkeringsplass ved aktuelle turvegar, det finst også private dugnadsgjengar som prisverdig utfører vedlikeheld på turvegar og stiar!
Dagens foredragshaldarar Kjetil Tandstad og Eldar Høidal, tok ein gjennomgang av Årbokas historie; det er no 30 år sidan førsteutgåva i 1992. Sykkylven Sogenemnd meinte vi burde ha slik Årbok, til like med mange kommunar rundt oss. I tillegg til historisk stoff ville ein ha med tidsaktuelle artiklar og billedkavalkade for året. Dikt og poesi skulle også med. Denne malen har redaksjonen halde fast ved. Det var ein beskjeden start i 1992 med nøytral, enkel layout v/ Frank Kjøde.
Redaksjonen har satsa på stoff frå ulike deler av kommunen, og det har vore godt samarbeid med næringslivet som har gitt annonsestøtte. Redaktør første året var Eldar Høidal, deretter følgde Roald Solheim i 1993. Billedkavalkade kom i 1995. Førsteutgåva hadde med næringslivsstoff, m.a. Ikornnes Treindustriarbeidarfrorening 40 år, artikkel om då Elkraft kom til bygda, om Sykkylvsbunader, om sætring, om helselagsarbeidet. Det var også ein artikkel om næringspionerar 1880-1900, med konklusjon om at mange var innflyttarar, folk utan gard, og handverkarar som snikkarar, smedar etc.
Mange stabile bidragsytarar har vore med gjennom åra; Petter Kursethgjerde, Jostein Drabløs med lydbånd etc., Arnold Weiberg Aurdal, Jarle Tusvik, Roald Solheim og Kjell Løseth. Nye medarbeidarar er Eldrid Suorza, Ole Jostein Fet og Tor Willy Strømme.
Årboka har etter kvart også vist seg å bli ein økonomisk suksess, med eit opplag på ca.1000 kvart år, og med skuleelevar som distributørar og seljarar. Dei 2 åra med Pandemi viste ein stor nedgang i salet til berre 1/3, dvs. ca. 400. No er salet på om lag 1350 eksemplar.
Som eksempel på innhald kan nemnast Årbok 2003, som hadde artiklar om Brandbåtane, Dagny Rønes Moteforretning, Vardestova på Hovdeåsen, dikt av Per Flaaen og Årskavalkade, Fønix Konfeksjon, Hagelaget og kommunegartnar Arnfinn Flote, som var lei seg fordi det ikkje kom etterfølgjar som kommunegartnar. Arnold Weiberg Aurdal skreiv om sosialminister Ole Strømme, 1 av 7 ministrar som har kome frå Sunnmøre.
Årboka har årleg presentasjon på Biblioteket, og finst dessutan som digital utgåve på nettet; alle årbøker sidan 1992 på Sykkylven Sogenemnd si nettside.
Eit overslag over kva som har vore utgitt, viser 2062 sider i fullformat A4, 625 artiklar, 180 forfattarar, derav 51 kvinner, prosent 29,3.
Grafisk design har blitt utført av Eldar Tandstad sidan 1999. Det har vore stor stabilitet i redaktørar gjennom 30 år, derav 20 år på Kjetil Tandstad.
Referent: Odd Holen
13. desember 2024
Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.