Julemøte – med opptak av nytt medlem - 21. desember 2022
Presidenten yngste velkomen til møte.
Han kunne fortelje at klubben, ilag med klubbane i Nordre Sunnmøre hadde delt ut matkasser til familier i «Ålesund og omegn» som trong hjelp til jul.
Sekretæren kunne opplyse om at frammøteprosenten på sist møte var 61.
Det er tradisjon på julemøtet at Olav P. spelar av Bachs Juleoratorium.
I år vart dette bytta ut med Handels Messiah. Det gav god stemning.
Opptak av nytt medlem – Svein Erik Kampenes
Fadder, Arild Sporsheim, presenterte Svein Erik og President Knut Molnes sette på Rotarynåla som ei stadfesting av medlemskapet.
Helge Standal delte sine juletanker med oss.
Han kunne fortelje at 27% ikkje gler seg til jul. Eit tal som er aukande
Det vert og fleire som slit økonomisk, fleire med rusproblem og fleire som kjenner på einsemd.
Dette setta han opp mot all forventing i samfunnet om juleglede og feststemning.
Vidare fortalde han om tilhøva då Jesus vart fødd. Romarane styrde hardt og brutalt og det var ei hard tid særleg for Maria som fødte eit barn utanfor ekteskap.
Helge meinte at 1. påskedag er ein viktigare merkedag enn jula.
Det vart servert god mat
Vinlotteri der heile inntekta gjekk til Lola Day Care Center
Møtet slutt 20.30
Ref.: Petter Velle
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.