SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 04.01.23: PRESIDENTENS TIME M/GJENNOMGANG AV KLUBBENS VEDTEKTER
President Knut Molnes ønskte velkomen, og nemnde nokre tidlegare hendingar på denne dag, 04.januar:
1432 Pietro Querini redda frå forlis av befolkninga på Røst i Lofoten, 1493 Colombus reiste tilbake frå Vestindia, 1958 Sputnik returnerte til jorda, 2004 landing av Mars-roveren «Spirit» på Mars, 2000 togulukka på Åsta i Norge med 19 omkomne, Fødde: 1643 sir Isac Newton, 1785 Jacob Grimm, Døde: 1960 Albert Camus, 1961 Erwin Schrødinger.
Namnedag: Roar, Roger, Frammøteprosent siste møte: 56%, Fødselsdager: Bjørg Dyrkorn Velle 65 år 05.01.23, Dagens Rotarysong: «Mellom bakkar og berg» av Ivar Aasen
Akuelt: Det blir styresak om pengegåve til «Gi Glede», Helsing og takk til Rotary og klubben for finansiering av Fredslys på Berlihaugen. Klubben imøteser dugnad på Skrivarstova til Henrik Straumsheim utover våren.
Dagens 3-minutt var ved Geir Løseth, med tema «Oljefondet (Statens pensjonfond utland)»
Det første oljefunnet var i 1969, og lov om «Statens petroleumsfond» vart oppretta i 1990 med formål å skjerme økonomien. Det skulle også vere eit generasjonsfornd som sikrar pensjon til nolevande og framtidige generasjonar. I dag er fondet på 12.600 milliardar kr., som utgjer 2,3 millionar kr. pr. innbyggar. Handlingsregelen seier at uttak skal berre vere av avkastninga og ikkje av sjølve fondet, først avgrensa til max. 4%, seinare til 3%. Målsetting for fondet er høgast mogleg avkastning, 70% i aksjar og 30% i rentepapir. Fondet har etter kvart fått berekraftmål, og har ekskludert ein del selskap med tanke på å oppretthalde klimamål. Fondet har auka med 2.000 milliardar på grunn av svak kronekurs. Fondet er eit av verdas største investeringsfond, og eig 1.000 eigedomar, største enkeltinvesteringane er i Apple og Microsoft. Sett litt i perspektiv er statsbudsjettet pr. i år 1.750 milliardar der 300 milliardar kjem frå oljefondet. Bruk av for mykje oljepengar kan føre at dette fortrenger konkurranseutsett sektor, og som medfører mindre framtidig verdiskaping og inntekt i privat sektor.
Sykkylven Rotaryklubbs vedtekter
Førebels kladd for vedtekter vart delt ut og vist på skjerm. Dei gjeldande vedtektene dat. 2009 skulle ha vorte fornya kvart 5. år, og det har ikkje blitt gjort. Vedtektene skal no oppdaterast meir i forhold til praksis, og frå Rotary sentralt har det kome forslag til nye standardvedtekter.
Presidenten vil no oversende div. dokument til medlemene pr. e-post, som består av følgjande:
Utdelt dokument
Gjeldande vedtekter frå 2009
Forslag til nye standardvedtekter sentralt
Rotarys lov
På møtet vart så det utdelte dokumentet kommentert og gjennomgått. Dette viste til dels stort engasjement frå dei frammøtte i høve til dei 4 sidene med 15 paragrafar.
Medlemene får no anledning å setje seg inn i dei oversende dokumenta, og kome med skriftlege kommentarar i løpet 14 dagers tid.
Styremøtet om 14 dagar vil behandle desse.
Neste presidentens time er 1. februar, vedtak blir då sendt ut med merkandsfrist 10 dagar.
Endeleg avstemming blir på presidentens time 1.mars, og dokumentet deretter innsendt til Brønnøysundregisteret.
Referent: Odd Holen
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.