Rotarymøte onsdag 11. januar 2023
Presidenten
yngste velkomen til medlemane, dagens foredragshaldar Liv Guri Velle og gjestane Støylen og Hansen
Presidenten hadde som vanleg ein fyldig gjennomgang av historiske hendinger på denne dag
Olav hadde funne fram «Skal gamal venskap kverva bort» til dagens møte.
Sekretæren
kunne opplyse oss om at frammøte sist var på 46%
var ved Asbjørn Riksheim.
Han snakka om leveringssituasjonen og prisstigninga som hadde kome på råvarer dei kjøper inn frå austeuropa. Dei har hatt leveranser av hardtre frå Ukraina, og etter at krigen braut ut har dei måtta funne nye leverandører av hardtre.
Det har dei etter kvart funne, og mykje kjem frå andre «gamle kommunistland» i aust. Etter at tilgangen vart redusert så har naturleg nok prisane stige. Det vert heile tida leita etter andre treslag som kan erstatte det som ikkje kan skaffast lenger.
Asbjørn avslutta med eit ynskje om at krigen snart måtte ta slutt.
Liv Guri Velle
hadde temaet: Kartlegging og kunnskapsoppbygging om norsk natur – kvifor er det så viktig?
Liv Guri er tilsett i Møreforsking og er forskingsleiar for gruppa som arbeider med marine- og kystnære økosystem. Ein sentral del av forskinga skjer innanfor semi-naturlege naturtypar langs kysten av Noreg. Ho har forskingsinteresse innan økosystemfunksjonar og dynamikkar knytt til klima- og bruksendringar.
Ansatte - Møreforsking AS (moreforsk.no)
Vi er inne i ei klimakrise og ei naturkrise. All forskning viser at pilene peikar feil veg og dette krev handling. Forskning er grunnleggande for å forstå kva som må gjerast. Vi har eit naturpanel og eit klimapanel der leiande forskarar går gjennom all forskning for å finne kva som er rett.
Også i Norge er 30% av alle naturtyper raudlista, og 2752 arter er raudlista i Norge. Også her er arealendring hovudårsaka.
Eit av problema er at vi ikkje har statistikk for miljøøydelegging i Norge.
Stortingsmelding nr 14. 2015-2016 Natur for livet — Norsk handlingsplan for naturmangfold
er det politiske styringsdokumentet for arbeidet med å snu utviklinga.
Meld. St. 14 (2015–2016) - regjeringen.no
Liv Guri oppmoda alle til å vere med i dette arbeidet kvar på sin måte, og ho oppmoda oss om å orientere oss om naturtyper som ligg i kartverket. Naturtyper - DN-håndbok 13
Miljødirektoratet - Kartkatalog (miljodirektoratet.no)
Ved å gå inn på Naturkampen 2022 (sabima.no) finn vi korleis det stå til med eigen kommune i dette arbeidet.
Referent
Petter Velle
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.