Referat frå Rotarymøte onsdag 25. januar 2023
Presidenten
yngste velkomen. Gjester i dag var Magnar Støylen og Hanne Støylen. Hanne har foredraget i dag med tittelen
«Vegen til eit godt liv»
Steinar
opplyste om at det var 64% oppmøte sist gong.
Steinar Nordmo runder no 75 år.
Songen i dag var «Draumen om fred»
Nils Arve hadde tre-minutt
Han gav oss ei oppdatering om Nofence som er verdas fyrste virtuelle gjerdesystem for beitedyr og gjer det enkelt å gi dyra tilgang til gode og varierte beiter. Du kan enkelt fylgje med på dyra sin aktivitet og endre beitemønster frå dag til dag. Dette gjer at du kan utnytte beiteområda meir effektivt.
Nils Arve var med på deira pilotprosjekt frå 2016 – 2020 og har seinare brukt systemet på sine dyr. Selskapet har hatt stor vekst og sel no systemet i mange land. Klavane er no godkjende også for sau og storfe. Om du vil lese meir så bruk denne linken: Nofence - Verdens første digitale gjerdesystem
Hanne Støylen - Vegen til eit godt liv i Norge
Hanne er fagleiar i Flyktningetenesta.
Det er viktig at flyktningane som kjem til bygda vert tekne godt imot, finn seg til rette og vert ein del av lokalsamfunnet. På den måten kjem dei lettare ut i arbeid og soleis klarer dei seg sjølve. Det er viktig at dei får bli kjende med heile bygda og lærer seg å sette pris på den fine naturen som vi har.
Flyktningetenesta startar med å legg til rette før flyktningane kjem slik at bustad er klart. Etter at dei er komne får dei hjelp til alle desse tinga som trengs. Det er mellom anna registrering, fødselsnr., kontakt med bank og skattekort.
Det er integreringslova som ligg i botnen for deira arbeid, også Introduksjonsprogrammet som dei bruker for å få flyktningane ut i arbeid. Programtida er mellom tre månader og fire år, alt etter kva behov den enkelte flyktning har. Det seier seg sjølv at det er store forskjeller, sume kan ikkje lese og skrive og andre er høgt utdanna.
I 2022 busette kommunen 75 flyktningar, og hadde pr. 31. desember oppfylgjing på 113.
Med så mange nye flyktningar på eit år så har heile bygda blitt teka i bruk, og dei leiger no omlag 35 bustader hos private. Borna går på skule og barnehage i sine nærområder.
IMDI har oppmoda kommunen om å ta imot 110 personar i 2023, men Flyktningetenesta trur dette er for mange. Dei meiner at 60 er eit meir realistisk tal.
Referent
Petter Velle
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.