Møteleiar: President Knut ynskte medlemmar velkomne til presidentens time og fortalde litt om dagen i dag.
Song: Mellom bakkar og berg
3.minutt: Petter Velle
Petter hadde delteke på fagdag for lokalmatprodusentar. Det var fleire kurs, han deltok på kurset «Smør og gamalost» Lokalmat er ein viktig del av kulturarven, då produkta smakar litt ulikt frå ulike produsentar. Kurset hadde og fokus på «hidden hunger» som er mangel på vitamin og mineral i sluttprodukt frå matindustrien.
Kaffi
Program:
Hallstein Lillevik orienterte om Rotary si tilknytning til Sykkylven speidargruppe og Speidarbo.
Han fortalde om Olav Boen , Speidarbo og Boens legat.
Litt om status i dag og planane framover. Ny veg og parkering, makebyte i høve ny veg, bygging av carport, areal på sydsida. Nye vedtekter som byggjer på målsetjinga til dei eldre vetektene.Til slutt oppfordra han til dugnad!
Presidenten orienterte til slutt litt om møtelokala som er under opp-pussing.
Bjørg
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.