Møtereferat Roarymøtet 19. april 2023 |
President Knut Martin ynskte velkomen til nytt Rotarymøte og spesielt til
dagens foredragshaldar Ståle Welle, som er dagleg leiar og hovudeigar i Sykkylvsbedrifta PC-Support
Dessutan hadde vi ein gjest; Linda Aurdal Wales
President Knut Martin fortalde at på denne datoen er det Arnfinn og Arnstein som har namnedag
Deretter fortalde han om hendingar på denne datoen opp gjennom historia.
«Å nei, eg høyrer lerka» med tekst av Anders Hovden og tone av Mozart
Sekretær Stein Klokk orienterte om bursdagar; Bastian Weiberg-Aurdal fylte 64 år 13. april og Arild Sporsheim fylte 46 år 21. april
Arild Sporsheim heldt 3- minutts-innlegg og fortalde om Godheiltsveka som skal arrangerast i komande veke . Godheitsveka er ei veke med særleg fokus på å glede andre – ei veke i året der vi står saman om å spre glede – ei veke der vi på tvers av religion, krins, lag og organisasjon set fokus på å glede andre og spreie godheit.
Det blir sendt ut ei brosjyre til alle husstandar der dei kjem med tips om aktivitetar.
Ståle Welle fekk ordet og orienterte om bedrifta si, PC-Support.
PC-Support vart etablert i 1988 og vil i år feire 35-års-jubileum
Dei har ca 25 tilsette og ca 50 millionar i omsetning. Dei er 100% lokal eigd og dei drifter ca 8000 brukarar
PC-Support sin visjon: «Vi skal gi våre kunder sikker tilgang til de mulighetene den digitale verden gir oss»
Produkt og tenester dei tilbyr:
· Planlegger, installerer og drifter IKT-løysingar’
· Sky-leverandør av tenester og datakraft frå eigne datasenter
· Sikkerheitslølysingar
· Lagringsløysingar
· Kommunikasjon og telefoni
· Samhandlingsløysingar
· Syr saman løysingar på tvers av levereandører og plattformer
Kva er PC-Support kjent for:
· Høg kompetanse på IT og kommunikasjonsløysingar
· Verdensleiande sikkerheitsløysingar
· Løysingsorientert
· Kostnadseffektive
· Løfter blikket og ser framover
PC-Support er ekstremt opptatt av sikkerheit. og alt blir lagra dobbelt.
Dei bygger opp stadig større serverkapasitet og samarbeider med lokale nettleverandørar, og på den måten kan dei tilby svært gode og sikre løysingar, og er alltid tilgjengeleg for lokale bedrifter.
PC-Support har i 2021 utarbeida ein bærekraftfrapport der dei har sett bedrifta inn i samanheng med FN sine 17 bærekrftmål.
Bastian Weiberg-Aurdal
|
|
|
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.