Presidentens time med opptak av nytt medlem Linda Aurdal Wales og vedtak av nye vedtekter for klubben.
Presidenten yngste velkomen til møtet og orienterte om dagen i dag og om kva som skulle skje på møtet.
Song for dagen var «Draumen om fred»
Det var ikkje 3-minutt i dag
Presidenten orienterte om klubben si deltaking i innsamlingsaksjonen for Ukraina. Pengane skal gå til mobile fyrstehjelp-klinikkar. Medlemane er oppmoda om å delta med gåve og å få med eit lokalt firma på aksjonen.
Vidare orienterte presidenten om at klubben skal stå på standen til May-Britt Tynes (Prosjekt Filippinene) Standen er open fredag og laurdag. Det er sendt ut e-post om dette.
Opptak av nytt medlem
Greta Herje presenterte Linda Aurdal Wales for medlemane i klubben. Linda vart teken opp som medlem og presidenten sette på rotarynåla og overrekte blomar.
Nye vedtekter
Styret har kome med framlegg om nye vedtekter. Desse har vore drøfta i klubbmøte tidlegare og justert etter innspel frå medlemane. Framlegget frå styret var no sendt ut til medlemane ti dager før møtet i dag. Dette er slik det skal gjerast etter dei gjeldande vedtekter.
Dei nye vedtektene vart samrøystes vedtekne.
Komande møte:
Medlemane vart oppmoda om å gå på konsert i kyrkja.
Referent: Petter Velle
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.