Presidentens time 13 sept 2023


President Knut Henning Aursnes ønskte velkomen, tende eit levande stearinlys og minte oss på Rotarys motto for året 2023-24: 


«Create hope in the World»!

 

Gjest i dag: Ilyas Degirmenci

Olav Pilebergs song for dette møtet var: «En sommer er over», presentert på skjerm av Kirsti Sparboe.

Bursdag: Geir Brekke 70 år, 17.sept.

Frammøteprosent for møtet 30.08.23 (ikkje registrert).

3-minutt ved Arild Sporsheim, tema «Kyrkjevalet 2023»

Dette er eit demokratisk val på soknerådsmedlemer, bispedømeråd og til kyrkjemøtet (kyrkjas Storting). Det var ordinær og digital røysting, oppslutninga var 21% på Ikornnes og 11% i Sykkylven sokn. Valapparatet er på mange måtar det same som for kommune-/fylkestingsval. Valde  medlemer for h.h.v. Ikornnes og Sykkylven sokneråd er lagt ut på kyrkjas heimeside, og desse tiltrer 1. november. Kyrkjeleg fellesråd er felles for dei 2 råda. Det vart ein god del spørsmål i samband med dette temaet.

 

Neste programpost var «Quiz om Rotary», gruppeoppgåve for kvart bord. Dette vart gjennomført samstundes med vinlotteri, servering, prat og Rotarykaffi. «Quiz`n» stilte fundamentale spørsmål om Rotary som følgjer:

A.    Kva spørsmål inneheld Firespørsmålsprøva?

B.    Kva sju fokusområde har Rotary?

C.     Skriv opp dei fem vegane for service

 

Heldige var dei gruppene som hadde med medlemkortet med «The four-way-test» og Rotarys lover og vedtekter på mobiltelefon. Ved referentens bord var vi heldige såleis, samt nærvær av past president Knut Molnes, som nettopp har oppdatert lover og vedtekter. Gruppa oppnådde 15 ½ poeng av 16 oppnåelege og vart vinnar! Mange grupper følgde like bak.

 

President Kut Henning ser det som si oppgåve å forbetre Rotaryopplevingane våre gjennom aktivitetar. Han refererte vidare til brev frå AG Greta Herje om framføring av Sykkylven Rotaryklubbs presentasjon under Guvernørbesøket i Volda. Stor takk til Knut Molnes for dette i presidentens fråver!

 

Det vart vidare vist ein liten filmsnutt frå Rotary sentralt, om korleis kvar enkelt kan få meir utav sitt Rotarymedlemskap. Rotary har pr.no 529 distrikt, 36926 klubbar og 1.170.000 medlemer.

 

Kvelden vart avslutta med trekning av vinlotteriet; 1 flaske alkoholfri raudvin og 1 flaske kvitvin!

 

 

 

Referent: Odd Holen


 
Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS