Sykkylven Rotary Klubb, møte 20. september 2023 i Banksalen og i Bronsealderhuset.
Referat.
1. President Knut Henning opna og ønska velkommen.
2. Allsong v/ Olav P.: Dei gamle fjell i syningom. Det tredje verset med «…Dei hava snutt om Vollarne og flutt og rudt og bygt; men dei gode gamle Kollarne dei standa like trygt.» …høver særs godt med tanke på gravinga og anleggsarbeida ved møtelokalet.
3. 3-minutt v/ Geir Brekke. Han takka for merksemd og blomster til 70 års-dagen, og heldt fram med nostalgiske tankar frå 1960-talet. Utgangspunktet var ymse papir i arkivet etter far hans, Bjarne Brekke: Fest-telegram, lånepapir med 6 % rente, o.s.b.
4. Mat og kaffi-pause.
5. Klubbmedlemmane kryssa vegen ved Auremarka og gjorde innstig i Bronsealderhuset, reist stort sett på dugnad av ihuga bygdafolk med «Aura-Påls venner» i spissen. Her venta styreleiar Ole Bjørn Roald og Kjetil Tandstad med fyr i åren og levande lys på bordet og langs veggane. Dei fortalde på interessant vis om visjonar og planar for utvikling av dette historiske området, med røter minst 2000 år attende i tid.
6. President Knut Henning Aursnes takka så mykje for den interessante informasjonen, og gav ei lita gåve til Ole Bjørn og Kjetil
Referat og bilete: Olav Pileberg
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.