Sykkylven Rotary Klubb, møte 18. oktober 2023 i Banksalen.
Referat.
1. Past-President Knut Molnes opna, ønska velkommen og tente eit lys.
2. Allsong v/ Olav P.: Det er lenge sidan no. Dette er ei gammal (revy-) vise frå 1947, dikta av Karstein Oddmund Vik,- arkitekten som også var Distriktsguvernør i Rotary, og hadde nådegåva å dikte.
3. Steinar Klokk formidla frammøte-statistikk m.m.
4. 3-minutt v/ Petter Velle. Han tok føre seg soga om ein kjennning frå Ungarn, som tidleg på morgonen den 24. februar 2022 – ringde for å fortelje drengen Petro om invasjonen. Familiar i Ungarn ønska å flykte til Noreg. Slik gjekk det til at Jogarden – med god hjelp frå kommunen og naboar – greidde å ta mot ni personar frå Ungarn.
5. Sveler og kaffi-pause.
6. Foredraget for kvelden handla om det nystarta tiltaket (i Enhetsregisteret 15.03.2021) Hole Geoscanning AS. Espen Hove frå Stranda, gift med ei kvinne frå Velledalen, fortalde og greidde ut om den forvitnelege data-teknikken som ved hjelp av scanning «ser» under jorda,- ned til to meters djupne. Firmaet opererer, etter to og eit halvt år, frå Harstad i nord til Stavanger i sør. Ved å lese teksten på bileta,- og gå inn på https://www.holegeoscanning.no/ får du eit lite innblikk i kva firmaet står for og kan tilby.
Etter foredraget fekk Espen stor takk og ein liten, kortreist presang frå SRK, ved Past-President Knut Molnes. Så, til oss alle: Takk for i kveld og vel heim!
Referat og bilete: Olav Pileberg
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.