Referat fra medlemsmøte 25 okt med besøk av Ukrainske flyktninger

 

President Knut Henning Aursnes ønskte velkomen, tende sitt stearinlys, og minte om Rotarys motto for rotaryåret: «Create hope in the World»!

 

Gjester i dag: Arvid Blidheim, Bjørn Myklebust, Ilyas Degirmenci og Ingrid van der Welde.

Song for møtet: «Jeg folder mine hender små» av Thorbjørn Egner, i anledning FN-dagen i går.

Bursdagar: Oddbjørn Ramstad 82år, Øyvind Østvik 81 år, Per Ringdal 76 år, Steven Blindheim 62 år.

Frammøteprosent frå forrige møte, 52%.

3-minutt v/Hallstein Lillevik, med tema «Elektrifisering av transportbransjen og tilgang på energi»

I september i år var 87% av bilsalet el-bilar, og pr. no er 22% av landets bilpark elektrisk. Fylket vårt er faktisk også leiande på elektrifisering av ferger. No er dei store fergesamband elektrifiserte, og dei mindre kjem etter. Når det gjeld buss, er også el-bussar i ferd med å kome på banen. I 2026 er kravet 100% elektrifisering av alle bussar. Staumbehovet for dette vil tilsvare om lag 1300 einebustader. Batteriteknologi har vore ei stor utfordring, no er dette ikkje noko problem lenger, utfordringa er ladehastighet og tilgang på straum. Lading av eit vogntog vil f.eks. ta 6-8,9 timar. Problemet for vårt fylke er at vi har 40% underdekning av straumbehovet.

 

Besøk av ukrainske flyktningar

Rotaryklubben hadde denne gongen besøk av ukrainske flyktningar i Sykkylven; Inesa Vinivkova frå Odessa og Marharyta Lazarieva frå Kiev. 

Ved krigsutbrotet reiste Inesa først til Moldova med sitt barn, og kom deretter hit til landet. Mannen hennar kunne ikkje flytte p.g.a. krigen, og dei har ikkje sett kvarandre på 1 1/2år. Odessa som ho kjem frå, er ein by med vakre omgivnader og med mykje vakker arkitektur. Inesa har økonomisk utdanning, og jobba tidlegare i bank, no jobbar ho med undervisning av ukrainske barn i Sykkylven. 

Marharyta (Margot) kom til Norge på besøk til ei veninne ei veke før krigen braut ut. Ho er frå Kiev, ein storby svært forskjellig frå Sykkylven. Ho har fått henta hit ei søster og bur saman med henne.  Men resten av familien er i Kiev. Ho prøver å starte eit nytt liv her. Ho har tidlegare jobba med media, reklame, influensarar etc. og har no jobb i ungdomsskulen med ukrainske elevar.







































Dei trudde begge først at det var svært vanskeleg å lære norsk, men det går ganske bra. Begge ser imidlertid på opphaldet i Norge som midlertidig, og vil tilbake til Ukraina når krigen er slutt. Dei har stor tillit til president Volodymyr Zelensky!

 

 

Referent: Odd Holen


 
Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS