Medlemsmøte sammen med Stranda Rotary

Denne gongen vart møtet lagt til Stranda der vi saman med Stranda Rotaryklubb fekk høyre Runar Paulsen, leiar av Foreninga Sjukehuset vårt, fortelje om deira arbeid. 

Åtte medlemer frå Sykkylven var med på møtet.

Foreninga Sjukehuset vårt har samla inn 36 mill kroner til innkjøp av ein PET Scanner ved Ålesund sjukehus.  Foreninga driv og lobbyarbeid mot politikarane for å gi informasjon om behova ved sjukehuset.

PET-skanneren vert mest brukt til undersøking av kreftpasientar. Typiske problemstillingar er å kartlegge om ein svulst er ondarta eller godarta, kor utbredt det aktive svulstvevet er i kroppen og om svulstvevet har spredd seg til lymfeknutar eller andre organ.

Denne scanneren er den mest avanserte som har kome til Norge.

Scanneren vart montert i 2021 og tatt i bruk i 2022.  I 2022 og -23 har skanneren vore i drift to dager i veka og har undersøkt omlag 400 pasienter i året. Scanninga blir gjort i Ålesund, men tolkning av bilde vert gjort ved St.Olav sjukehuset i Trondheim.

Det er stort potensiale for å auke bruken av scanneren. 

Den er og nyttig ved utgreiing av spesielle former for epilepsi og i diagnostikken av Parkinsons sjukdom, Alzheimer og andre demenstilstander. PET kan og nyttast til hjarteundersøking etter eit infarkt for å kartlegge områder med arrvev og nedsett pumpefunksjon

Som kjent frå media har nybygget ved Ålesund Sjukehus ikkje plass til PT Scanneren frå 2025. Dette jobber foreninga aktivt for no. Og dei håper på støtte frå alle som bor på Sunnmøre

Foreninga har i sitt arbeid fått støtte frå både privatpersonar og andre lag og organisasjonar i distriktet.

Les meir om  Foreninga Sjukehuset vårt her:  Facebook 

Støtt gjerne deira arbeid.

 

Referent

Petter Velle

 

 


 
Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS