Denne gongen vart møtet lagt til Stranda der vi saman med Stranda Rotaryklubb fekk høyre Runar Paulsen, leiar av Foreninga Sjukehuset vårt, fortelje om deira arbeid.
Åtte medlemer frå Sykkylven var med på møtet.
Foreninga Sjukehuset vårt har samla inn 36 mill kroner til innkjøp av ein PET Scanner ved Ålesund sjukehus. Foreninga driv og lobbyarbeid mot politikarane for å gi informasjon om behova ved sjukehuset.
PET-skanneren vert mest brukt til undersøking av kreftpasientar. Typiske problemstillingar er å kartlegge om ein svulst er ondarta eller godarta, kor utbredt det aktive svulstvevet er i kroppen og om svulstvevet har spredd seg til lymfeknutar eller andre organ.
Denne scanneren er den mest avanserte som har kome til Norge.
Scanneren vart montert i 2021 og tatt i bruk i 2022. I 2022 og -23 har skanneren vore i drift to dager i veka og har undersøkt omlag 400 pasienter i året. Scanninga blir gjort i Ålesund, men tolkning av bilde vert gjort ved St.Olav sjukehuset i Trondheim.
Det er stort potensiale for å auke bruken av scanneren.
Den er og nyttig ved utgreiing av spesielle former for epilepsi og i diagnostikken av Parkinsons sjukdom, Alzheimer og andre demenstilstander. PET kan og nyttast til hjarteundersøking etter eit infarkt for å kartlegge områder med arrvev og nedsett pumpefunksjon
Som kjent frå media har nybygget ved Ålesund Sjukehus ikkje plass til PT Scanneren frå 2025. Dette jobber foreninga aktivt for no. Og dei håper på støtte frå alle som bor på Sunnmøre
Foreninga har i sitt arbeid fått støtte frå både privatpersonar og andre lag og organisasjonar i distriktet.
Les meir om Foreninga Sjukehuset vårt her: Facebook
Støtt gjerne deira arbeid.
Referent
Petter Velle
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.