Referat frå møtet i Rotary den 29.11.23.
Presidenten ønskte velkomen til møtet og i tråd med Verdenspresidenten si oppmoding vart det tent eit lys for håp i verda
Gjest Karete Skinnes frå Sparebanken Møre som er kveldens kåsør.
Sang: Kenny Rogers sin låt The Gambler frå 1978. Ingen klubbsaker i høve sekretæren sitt fråvær.
Tre minutt ved Odd Jostein Drotninghaug. Etter 8 år som ordfører i Sykkylven vart det retur til NAV og oppfrisking arbeidsoppgåver, kursing etc for å kome ajour med dagens systemer. IA -avtalen 2019 – 2024 omhandla strategi i høve å forebygge langtids sjukefråvær, redusere fråvær og utvikling bedre arbeidsmiljø. Kveldens kåsør
Karete Skinnes som er leiar i Sparebanken Møre avd Sykkylven med hovudkontor i Ålesund. I Sykkylven er det 26 tilsette som omfattar både privat marknaden og næringslivet og arbeider spesifikt i ulike forretningsområder. Banken si hovudoppgåve er rådgivning og kompetanse og tilsette må gjennomgå opplæring som fører til sertifisering som dokumentasjon for naudsynt kompetanse innan ulike forretningsområder. Utviklinga i banken er svert positiv, kundeportefølgja veks, omsetninga aukar monaleg og meir mannskap må på plass og god tilgang av kompetente personar som kjem frå same bransjen spesielt i 2022 /2023. Innteninga er svært god og banken har som polycy å føre noko av overskotet tilbake til samfunnet for å støtte gode prosjekter i lokalt. Karete presenterte Sparebanken Møre avd Sykkylven, enkelt og greit, som gav eit godt inntrykk av banken sine tenester og heilheit.
Presidenten takka for innlegget og minte tilslutt om medlemar som vil hjelpe til å servere kaffi/ kaker på Buas den 06.12.23. i høve julegudsteneste. Han minte også om årsmøtet i klubben same dag.
Møtet slutt.
Knut Vollstad
referent
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb