SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, ÅRSMØTE 06.12.2
President Knut Henning Aursnes ønskte velkomen, tende sitt stearinlys, og minte om Rotarys motto for rotaryåret: «Create hope in the World»!
Gjester i dag: Ilyas Degirmenci og Ingrid van der Welde.
Song for møtet: «JULEKORT» av Thorbjørn Egner
Frammøteprosent frå forrige møte; Ikkje opplyst p.g.a. klubbsekretærens fråver
3-minutt ved Olaf Ellingesen: «Familietur med stopp på Hjørundfjord kyrkjegard»
På ein familietur via Hellesylt, Norangsdalen, Hotel Union på Øye og Sæbø, gjorde dei eit stopp ved kyrkjegarden for Hjørundfjord kyrkje. Der fann dei eit minnesmerke over ein østerriksk flygar, Wolfgang Kindt, som vart skoten ned i eit luftslag mellom tyske og allierte fly mot slutten krigen, 16.mars 1945. Liket vart funne på våren same år, gravlagt i juni 1945 og med minnesmerke i form av ei propellvinge frå flyet. Det vart igangsett sporing etter pårørande og familie, men det tok 48 år før Anders Hustad i 1993 fekk noko resultat. Kona til flygaren var død, men ei dotter som var 2 år då han omkom, vart spora. Ho var 50 år då ho kom og besøkte gravplassen, og samband med dette vart det halde ei Minnegudsteneste over den omkomne.
ÅRSMØTE, etter møteleiars oppsett
1) Val av møteleiar; President Knut Henning Aursnes; Godkjent ved akklamasjon
2) Godkjenning av av innkalling og sakliste; Godkjent ved akklamasjon
3) Val av referent, Odd Holen; Godkjent ved akklamasjon
4) Val av to til å skrive under protokollen, Gretha Herje og Hallstein Lillevik; Godkjent ved akklamasjon
5) Val av revisor for Rotaryåret 2024-25, Kai-Otto Roald; Godkjent ved akklamasjon
6) Val av styre for Rotaryåret 2024-25, etter innkomande presidents forslag; Godkjent ved akklamasjon
7) Godkjenning av Årsrapport 2022-23, v/ past president Knut Molnes; Godkjent ved akklamasjon
8) Godkjenning av årsrekneskap for 2022-23 presentert v/Hallgeir Lade; Godkjent ved akklamasjon
9) Kontingent og matpengar for 2024-25
Framlegg frå styret om årleg auka medlemskontingent frå kr.2.300 til kr.2.500, og tilsvarande årleg auke for matservering frå kr.1.200 til kr.1.400.
Brev frå Steven Blindheim med motstand mot auke av medlemskontingent og matservering
Det følgde eit ordskifte med forslag om kostnadsreduserande tiltak for servering, så ikkje pris skulle auke.
Det vart deretter stemt over begge forslaga frå styret.
Ingen av desse fekk fleirtal og fall; Forslag frå styret ikkje godkjent
Song ved avslutning av møtet: «ROTARYSONG» Tekst: Henrik Straumsheim, Tone: Mellom bakkar og berg
Referent: Odd Holen
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.