Sykkylven Rotaryklubb møtereferat onsdag 13.desember 2023
President Knut Henning Aursnes opna møtet på vanleg måte.
Allsong: denne kvelden song vi «Julekveldsvise» av Alf Prøysen
Sekretær Steinar Klokk refererte frå forrige møte der det var 65% frammøtte.
85-års-jubilant Knut Vollstad fekk overrekt ei blomsterhelsing av president Knut Henning Aursnes
3-minutt
Så fekk Kristin Grebstad ordet og ville snakke om utfordringar i skulen i dag;
Det blir snakka mykje om å skape robuste born som kan takle utfordringar som dei møter gjennom livet- dei skal skape eit positivt sjølvbilde og kunne ta ansvarlege livsval
Mange foreldre ser berre sitt eige born og skal ha tilpassa undervisninga til dette.
Ho nemnte også eit TV-program, Snøfall, om ei mor som har kreft – dette har fått mykje kritikk av sjåarar fordi dei meiner at det blir for mykje negativt som borna ikkje toler
Så det store spørsmålet er om vi skaper robuste born når vi heile tida skal tilpasse i alle retningar og «sy pute under armane» på dei.
Ho kom også inn på det med språkbruk i sosiale media, der mange vaksne står fram som dårlege rollemodellar for den oppveksande generasjonen.
I det heile blir mangel på grensesetting blant foreldra eit stadig aukande problem som skaper utfordringar i skulen,
Så forflytta vi oss 2 etasjer opp til «Skaparlinken», der vi fekk orientering av Åsne Folstad som er dagleg leiar i Sykkylven næringsutvikling AS
Ho orienterte om næringsstrategien til kommunen, og prosjekt som har blitt arbeida med den siste tida og planar framover.
Her er plansjeserien som ho viste på møtet – dessverre fekk ho for lite tid til å snakke om alt, men eg legg ved heile foredraget som ei PDF-fil; (klikk på linken)
Referent
Bastian Weiberg-Aurdal
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven