Sykkylven Rotaryklubb møtereferat onsdag 20.desember 2023
President Knut Henning Aursnes opna møtet og orienterte om det som skule skje i dag;
Vi fekk sjå og høyre Juleoratoriet av J.S.Bach spelt av eit tysk orkester. Bach komponerte dette musikkstykket mellom 1734 og 1735 då han var tilsett i Thomaskyrkja i Leipzig.
Vi kom i skikkelig julestemning ved å få høyre utdrag av Juleoratoriet.
Så var det opptak av to nye medlemer i klubben, nemleg Ilyas Degirmenci og Ingrid van der Velde
Dette bildet viser president Knut Henning Aursnes i midten, omkransa av dei to nye medlemene i kliubben vår, Ilyas Degirmenci og Ingrid van der Velde.
Så fekk vi servert ein velsmakande lunsj, og praten gjekk friskt rundt borda
Så fekk Øystein Braathen ordet – han ville skape litt julestemning ved å framføre tre nyare julesalmar som har fått plass i den siste utgåva av Salmeboka - han fortalde også litt om historia rundt desse salmane og forfattarane
«Julekveldsvisa» av Alf Prøysen
«Nordnorsk julesalme» av Trygve Hoff
«Djupaste mørker ligg over jord» av Arnfinn Haram
Bildet viser Øystein Braathen som framfører julesalmar
Her ser vi nokre bilde av dei frammøtte
Vi avslutta julemøtet ved å synge «Deilig er jorden» – så ynskte vi kvarandre ei god jul og på gjensyn onsdag 3. januar 2024
Referent
Bastian Weiberg-Aurdal
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.