Referat frå Rotarymøtet 3. januar 2024
Hovudtema: Presidentens time med vinlotteri og framdrift av prosjektet Skriverstova
Presidenten opna møtet med å tenne lys og minne oss om at kvar og ein kan vere med på å gjere ein forskjell.
Olav var ikkje tilstades men hadde sendt over songen Skal gamalt vennskap kverva bort.
Sekretæren
Kunne fortelje at Bjørg D. Velle fyller 66 år den 5. d.m.
Svein Erik Kampenes
hadde dagens 3-minutt. Han tok utgangspunkt i bruken av fyrverkeri som feiring av nyttår. Det norske folk bruker over ein halv milliard på dette kvart år. Denne oppskytinga fører til mange skader på folk og i tillegg mange branner. Det har siste åra, også i Sykkylven, kome fellesoppskyting av fyrverkeri. Likevel blir det mykje privat oppskyting. Om fellesfyrverkeri skal overta for den private oppskytinga må det flyttast til midnatt. Han meinte at privat oppskyting har så store negative konsekvensar at det måtte kome eit forbod mot dette.
Skriverstova.
Presidenten orienterte om e-post frå Knut Volstad der han ber om at klubben tek opp denne saka, forankrar den i klubben og legg ein plan for framdrift. Han meinte at det kunne vere eit mål å ha prosjektet ferdig til medio juli 2025. Det er då 50 år sidan H. Straumsheim døydde.
Roger Kornberg orienterte om status og gjekk gjennom det som er gjort til no
I klubben vart det delt ein del synspunkt på detaljer om tilstanden på bygget. Det vart og lufta framtidige samarbeidspartnarar for prosjektet.
Det var og dei som meinte at dette prosjektet var for stort for klubben og at det ikkje var teke avgjerd om at vi skulle starte prosjektet.
Det var og mint om at ingen talte imot då vi søkte om midlar til prosjektet.
Det var semje om at prosjektet må takast opp til brei drøfting og forankring i klubben, men fyrst må vi ha på plass ein avtale med eigar Morten Straumsheim slik at vi har eit skikkeleg grunnlag for diskusjonen i klubben.
Presidenten oppsummerte diskusjonen og det vart vedteke at vi skulle ta denne diskusjonen på komande «Presidentens time» og Roger fekk i oppdrag å legge fram ein avtale til det møtet.
Referent
Petter Velle
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.