SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 17.01.24 MED Tema: «Landbruksplan for sykkylven v/Mandy HÄger»
Past president Knut Molnes ønskte velkomen, og minte om verdspresidentens motto for rotaryåret: «Create hope in the World»!
Song for møtet: «Syng, syng, syng og vær glad»
Frammøteprosent frå forrige møte; 76%
Bursdager: Arvid Nordstrand 72 år, Olav Pileberg 81 år
3-minutt ved: Greta Herje; «Deltaking på Rotary Assembly i Orlando, Florida»
Dette var møteplass for innkomande guvernørar, der Greta var partner (høgrehand) for vår innkomande guvernør Lidun Hareide. Det var flott å kjenne seg som medlemer av ein internasjonal verdsorganisasjon og med 500 innkomande guvernørar, derav 6 nye norske. Dei fekk også møte og tildels helse på tillitsvalde i Rotarys øvre sjikt. Det var tilsaman 13-1400 deltakarar på Assemblyèt. Partnerar som Greta hadde eige opplegg med gruppemøte, stands osv., også nordisk. Tydeleg hovudsak for Asseblyèt var å skape nye klubbar. Greta hadde med vimpel frå Filippinane tilbake til vår klubb.
Dagens tema: Landbruksplan for Sykkylven v/jordbrukssjef Mandy Häger
Føremålet med landbruksplanen er å styrke landbruket sin plass i den kommunale planlegginga, samt å setje landbruket sine interesser i eit samfunsmessig perspektiv. Planen vart vedtatt i kommunestyret 06.11.23, og skal rullerast kvart 8. år, med temaplan som kan vurderast kvart 4.år. Mandy Häger hadde ein svært detaljert gjennomgang av planen, som det berre er mogleg å gjengi hovudpunkta av her.
Den baserer seg på overordna, regionale og lokale føringar.
Naturgrunnlaget for landbruket i Sykkylven vart gjennomgått (sjå bilde).
Vidare gjennomgang av bruksstruktur, husdyrhald, utmarksbeite, økologisk landbruk, bygdenæringar, gartneri, sysselsetting, skogbruk, vilt og fiske
Det vart presentert ei SWOT-analyse, som peiker på styrker, svakheiter, moglegheiter og truslar i kommunen.
Til slutt vart det presentert satsingsområde for landbruket i Sykkylven:
Det dreier seg om jordvern, husdyrproduksjon, rekruttering, utmarksbeite, lokal bygdemat og bygdenæringar, miljø og klima samt skogbruk.
Past president Knut Molnes takka for foredraget og lova tradisjonell takkegåve som blir overlevert av Petter Velle!
For dei som vil lese meir inngåande om landbruksplanen, finst den på følgjande lenke:
Landbruksplan for Sykkylven, vedteke i kommunestyret 06.11.2023 (PDF, 5 MB)
Referent: Odd Holen
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb