Referat frå Rotarymøtet 28. februar 2024
Hovudtema: Olav Harald Ulstein -utfordringar/ moglegheiter i Sykkylven kommune.
Gjest: Audun Nerland
Presidenten opna møtet med å tenne lys og minne oss om at kvar og ein kan vere med på å gjere ein forskjell.
Allsong i dag var Ut mot havet.
Sekretæren
Kunne fortelje at Nils Arve fyller 68 år 4. mars. Oppmøtet sist var 27 personer som gir 73%
Presidenten
minte om kandidatar til Ryla. Han orienterte vidare om at det skulle vere styremøte 4. mars og at framdrift av prosjekt Skriverstova var ei av sakene. Han orienterte og om invitasjonen frå Stranda om deltaking på deira torskemiddag den 12. mars.
Vidare så hadde han fått spørsmål frå kommunen om eit opplegg med støttekontakt for demenspersonar. Dette kunne vere personleg avtale eller gjennom klubben.
Hallgeir Lade
hadde dagens 3-minutt. Han fortalde om kreftsjukdomen som hadde ramma han. Den vart oppdaga heilt tilfeldig fordi han reiste på skanning. Det vart oppdaga ein kul på 12 mm i lysken og han vart send vidare til sjukehuset for undersøking. Kulen vart dobbelt så stor på berre tre veker og han fekk rask behandling både lokalt og på sjukehus i Trondheim. I Trondheim kom han på rom med nevøen sin, som og hadde fått påvist kreft etter skanning. Begge fekk rask behandling og er no friske av sjukdomen.
Ordførar Olav Harald Ulstein
Olav Harald starta med å fortelje litt om valet og samarbeidet med Høgre og varaordføraren som fungerer svært godt. Han vil vere ordførar for alle og vil prøve å få til samarbeid om dei viktige sakene i kommunen. Men posisjonen har gått til val med fokus på sine saker, og dei lovnadane som er gitt må haldast. Økonomien er største utfordringa. Dei er no berga av eit KLP-utbytte og det at for dette året er renteutgiftene på nyeskulen ført på prosjektet.
Vidare så er det utfordrande å få tak i fagfolk særleg innan helse og omsorg. Dette fell saman med stadig fleire som treng hjelp. Særleg vil personar med demens auke i kommunen. Dei vil no styrke samarbeidet med pårørande og prøve å få til helgeavlastning.
Mottakstenestene for flyktningar er pressa men kommunen skal ta imot 60 flyktningar i 2024.
Det er viktig å få tatt i bruk deira resursar i det lokale arbeidslivet.
Ordføraren gler seg til kvar dag på jobben den nye utfordringar ventar. Dei tilsette jobber og står på for å finne løysinger på alle oppgåver.
Referent Petter Velle
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.