Sykkylven Rotary Klubb, møte 20. mars 2024 i Banksalen.
Referat.
1. Past-President Knut Molnes opna møtet, som vikar for president Knut-Henning. Han ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjest Runar Tandstad, Administrerande direktør ved Møre Trafo AS. Knut tende eit lys for fred i verda, etter verdspresidenten sitt motto: «Create Hope In The World». Så introduserte han «klubbtrubadur» Olav P, som…
2. …leia allsongen, - No livnar det i lundar, av Blix/ Lindeman.
3. Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå forrige møte, den 12. mars: Intercitymøte på Stranda, etter invitasjon frå Rotary-klubben til Torskemiddag. Frammøte: Elleve – 11 – frå Sykkylven RK. Knut Jarle Vik informerte så om Trafikkvakter i Ullavik-krysset, der Rotary har fått spørsmål frå kommunen om å stille med trafikkvakter frå kl. 07.40 til 08.10 dei dagane elevane går der på veg til Aure barneskule. (Den nye) Kun ei vakt meir… så er behovet dekka fram til sommaren! Trombonisten Knut Jarle i Sykkylven Janitsjarorkester fekk ikkje setje seg ned att før han hadde fått behørig applaus og ros for innsatsen i orkesteret under NM i Trondheim sist helg, laurdag den 16. mars. Olav P. minte klubben på at SJORK gjekk til topps med heile 98 av 100 poeng, noko som kvalifiserte for opprykk til 2. divisjon. Trombonegruppa fekk prisen for beste gruppe i divisjonen, og solistprisen gjekk til Guro Øvstedal Liaskar på sopransaxofon. Vi er stolte!
4. 3-minutt var ved Asbjørn Riksheim: Lars P Riksheim Treindustri AS. Asbjørn fortalde om fabrikken og teikna eit positivt bilde av drift og resultat. Corona/ pandemi-perioden baud på store utfordringar med å skaffe råstoff/ tre til produksjonen. 2022 vart likevel eit bra år! 2023 baud derimot på svikt i marknaden. Avdelinga som produserer trapper til bruk inne, Møretrapp, har oppnådd status som Gaselle-bedrift, og aukar stadig produksjonen. Største delen av ordreinngangen kjem via internett.
5. Pause: mat og prat.
6. Administrerande direktør Runar Tandstad fortalde om Møre Trafo AS, suksessbedrifta på Aursneset som takk vere bl.a. «Det grøne skiftet», med mest mogleg over frå fossil energi til elektrisk, genererer eit stort behov for fabrikken sine produkt. Auka produksjon av transformatorar, nettstasjonar, dører og ventilar, teknikkhus, lavspennings-tavler, containerar/ konteinarar og arbeid med reparasjonar, krev stadig større areal for utviding av fabrikken. Dette er for tida ei utfordring, med forhandlingar med grunneigar. Etter referenten sitt syn informerer Nettsida til fabrikken https://moretrafo.no godt om selskapet: Produkt, Berekraft – HMS og Miljø, Bestilling, o.s.v. Bileta under viser nokre av bilda som Runar delte med oss på skjermen. Etter halvtimen med foredrag hadde den lydhøyre forsamlinga mange gode spørsmål som vart svarde på i tur og orden.
7. Til slutt takka presidentvikar Knut Molnes for den særs interessante informasjonen som CEO Runar Tandstad ville dele med oss. Ei lita gåve frå klubben skifte eigar, og så var det takk for i kveld og vel heim.
Referent: Olav Pileberg
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.