Sykkylven Rotary Klubb, møte, Presidentens time 03. april 2024 i Banksalen.
Referat.
1. President Knut Henning Aursnes opna møtet med agenda. Han ønska særleg velkommen til nytt klubbmedlem Audun Nerland. Deretter opplyste han at vårt gode medlem Per Ringdal ønska å tre ut av klubben. Kona Britt hadde ringt og informert. Sjukdomen gjorde det vanskeleg for Per å komme til møta. Han takka alle Rotary-kameratane for gode år i klubben.
2. Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå forrige møte, den 20. mars: Frammøte: 32 og 1 permisjon = 80%.
3. Presidenten tende lys,- denne gongen for å minnast Knut Vollstad, som døydde brått den 28. mars, 85 år gammal. Etter å ha lese frå dødsannonsen, omtalte Knut Henning sin namnebror Knut som eit samfunnsengasjert og verdfullt medlem av Sykkylven Rotary Klubb. Han ivra for dugnader, og den siste i så måte var som trafikk-vakt i Ullavik-krysset, i tida på morgonen då barneskule-elevane til nye Aure barneskule måtte gå der. Denne innsatsen nådde han ikkje å ta del i. (Om dette, sjå referat førre møte) Knut Vollstad vil bli sakna, ikkje berre som ein ressurs for klubben, men også som ein god Rotary-kamerat. Han vart så minna med at alle reiste seg og eitt minutt stille. Presidenten oppmoda om å møte ved gravferda den 9. april. Klubben kjøper krans, som Presidenten legg på.
4. Allsongen formidla dermed fokus på livet som gåve: «Hver dag er en sjelden gave, en skinnende mulighet» Olav P. ved pianoet. Presidenten foreslo så at inntekta frå dagens vinlotteri skulle gå til Haugnestunet. I dødsannonsen var dette kunngjort som ønske for gåver.
5. Pause: lotteri, mat og prat.
6. Ove Straumsheim fekk så ordet, etter eige ønske. Han opplyste om at dette ville bli siste kvelden hans i Rotary, etter 46 års medlemsskap og med Per Langeland som fadder. Etter eit par års veging for og imot, hadde han landa på at dette ville vere det beste, etter at «ikkje alt lenger fungerer slik ein håper og trur.» Han takka for mange gode år i klubben med dugnader og interessante oppgåver, men heldt (heldigvis) døra på gløtt for deltaking t.d. på julemøta. Olav Pileberg nytta høvet til å takke Ove for tiltaket med å verve rektor Olav som medlem i klubben, i 2002. Du har vore, og vil framleis vere, ein god fadder og venn, Ove! President Knut Henning minte Ove på at der ER angrerett, men takka han for innsatsen for klubben.
7. Nytt medlem, Audun Nerland. Fadder og svoger Steven Blindheim gjekk no på talarstolen og presenterte vår nye kandidat, opprinneleg frå Vistdalen. Som gardist i det militære fekk han mykje trening på ski, og han var på landslaget frå 1969. Eit høgdepunkt der var deltaking i Sapporo prøve-OL vinteren 1971, som einaste nordmann på langrenn. Her slo han sine utanlandske konkurrentar på 5-mila! Etter karrieren på landslaget la han opp i 1976 og opna sportsbutikk i Molde i 1980 med seg sjølv og ein tilsett. Då Audun selde butikken i 2008, var han på 1450 kvadratmeter, og hadde ca. 44 millionar kroner i omsetting. Talet på tilsette var då 22, med deltidshjelp. Eit opplagt Rotary-medlem, utan tvil! Frå 2008 gift med Toril Løseth,- og dermed gjekk vegen til Sykkylven frå august 2019. Etter presentasjonen, kom Presidenten fram og feste Rotary-nåla på jakka, og overrekte blomster, medan medlemmane sto. Som fylkesmeister langrenn klasse G13, kunne elles Knut Henning med glimt i auget skryte på seg eit visst kjennskap til sporten og gratulerte Audun som nytt medlem. Applaus til sporty Audun og til vår sporty President! Denne delen i programmet vart så avslutta med Rotary-song, dikta av Henrik Straumsheim og med tonefølgje av Olav.
8.. Sykkylven Rotary Klubb, stifting. Knut Henning fortalde så litt om stiftinga av SRK, med utgangspunkt i 50 års boka som var laga i 2006, med Peder Myrstad som leiar i skrift-nemnda. Boka finst framleis i nokre eksemplar, og vil nok kome godt med når 70 eller 75 år skal oppsummerast. Her nøyer vi oss med nokre bilete frå boka av første presidenten, dr. Morris Bendixen, og dei første medlemmene. Alle er no døde,- dei to siste Elias Vinje den 2. februar og Arnold Weiberg-Aurdal den 3. februar 2016. «Øystein’s klagesang» av Karstein Oddmund Vik vart så framført av Knut Jarle Vik, som «set på» fleire av KOV sine poetiske verk.
9. Avslutting, og påminning om støttekonsert i Spjelkavik den 11. april. Dermed går vårt ordinære møte den 10. april ut. Så vart to vinflasker fordelt til vinnarane i lotteriet. Takk for i kveld, og vel heim!
Referent: Olav Pileberg
13. desember 2024
Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.