Onsdag 17.04.2024, kl. 17.00 – 18.45, Skulevegen 9, 2. etg.
Knut Henning Aursnes, Nils Arve Schwartz, Knut Martin Molnes, Hallgeir Lade, Roald Mork, Greta Herje, Knut Jarle Vik, Steinar Klokk, Kristin Grebstad og Sindre Stuen.
Presentasjon av status og planar frå kvar komitéleiar.
Klubbtur 26.mai til Nordøyane og Ona. Invitasjon er sendt ut. Nils Arve sender invitasjonen også til Stranda Rotary klubb og inviterer dei med på turen. Då kan det reknast som eit Intercity møte. Vi må presisere at det er med følgje for dei som har ønskje om det. Nils Arve orienterer om turen på klubbmøtet 17.april
Servering gjeng stort sett bra, men det er litt fram og tilbake ifht om folk møter.
Knut Martin gjekk gjennom lista, og førebels har vi fått inn tre nye medlemmar. Det er fokus på å få inn nye medlemmar, og då spesielt yngre og damer. Det kom inn nokre nye man som det også vert jobba vidare med, parallelt med dei namna som alt står på lista.
Alt under kontroll. Om lag 150.000 kr på konto. Ny kontingent vil gå ut i løpet av mai. Matpengane bør vurderast auka då vi samla gjeng nokre tusen kroner i underskot i løpet av året. Ein bør få på plass ei notatbok saman med vekslepengane der ein noterer kor mykje som kom inn i kontantar på vinlotteriet.
Var forhindra frå å møte grunna jobb.
Det må vurderast om vi skal bli med på Summer camp neste år. Dette må på plass eit år før det skal gjennomførast.
Sykkylvenrotary.no er på plass, likeeins er det på plass tre epostadresser, dette er cico@sykkylvenrotary.no, sekretaer@sykkylvenrotary.no og president@sykkylvenrotary.no
Når vi byttar brukarar for desse oppgåvene så må ein inn og endre telefon og namn.
Disken som Roald fekk når han tok over sida er no lasta ned på SharePointen slik at den er sikra for ettertida.
Steinar og Roald skal sette seg ned og rute Gmail til den nye epostadressa.
Vi må ta vekk menyen KONTAKT OSS på heimesida då denne ikkje lenger fungerer.
I og med at grunneigar ikkje er interessert i ein avtale så vert prosjektet lagt ned. Greta informerar Distriktet sin TRF. Ho sjekkar vidare ifht tilbakebetaling av tildelte midlar.
Hallgeir spelte inn eit nytt prosjekt – trapp til Aurenakken, gjerne i samarbeid med Lions og Odd Fellow. Hallgeir jobbar vidare med eit forprosjekt.
Ikkje til stades.
Har fokus på dugnaden i kyrkjeparken neste onsdag og trafikkvakt i Ullavikkrysset.
Programmet er oppdatert og på plass fram til sommaren.
Arild vert ny leiar for programkomiteen for neste rotaryår.
Det har kome forslag til kubben om vi kunne få til ei besøksordning eller «støttekontaktordning» for våre gamle medlemmar, slike som Ove som ikkje får køyre bil lenger, Oddbjørn etter kvart, Asbjørn, Almar osb.
Saka vert overført til medlemskomiteen og evt prosjektkomiteen. Kan det vere ei erstatning for tidlegare opplegg rundt BUAS.
Det har kome forslag om å tildele PHF til Ove Straumsheim. Begrunnelse til forslaget følger i vedlagte mail.
Har vi andre kandidatar?
Knut Molnes informerer om at på styreseminaret (TRF) den 6. april fekk dei sjå ei oversikt over utdeling av Paul Harris frå alle klubbane i distriktet. Knut meiner Vi kunna ha vore mykje meir rause og har mildt sagt mykje å gå på. Behandlingstida er minst 6 veker frå søknad/melding til vi får medaljen.
Er møtet for presidentskifte eit passande høve å utdele eventuelle PHF?
Vedtak:
Sykkylven Rotary klubb tildeler Ove Straumsheim PHF.
Vi tek sikte på å dele den ut på siste møtet før sommaren, samstundes med Presidentskifte.
Presidenten og TRF søkjer i fellesskap.
Vi bør og ha eit fokus på å fremme og vurdere andre kandidatar, og held dette varmt framover.
Sekretæren sender epostadressene på dei nye medlemmane til kasserar.
Vi sender faktura til alle medlemmar, også dei som ikkje har møtt samt til dei som har gitt beskjed om at dei sluttar i løpet av våren.
Vi bør få tilgang til skapa i salen og ta ein gjennomgang av det som ligg der. Kva skal vi ha og kva skal vi kvitte oss med.
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.