Referat.
1. President Knut-Henning opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene. Han tende så eit lys for fred i verda, etter verdspresidenten sitt motto: «Create Hope In The World». Så introduserte han «klubbtrubadur» Olav P, som…
2. …før allsong mimra om 1994, då Ullavik skule den 2. november feira 20 års jubileum «med brask og bram.» Elisabeth «Bettan» Andreassen (f. Andreasson) var invitert, og stilte med Rolf Løvland, mannen bak melodien til «Danse Mot Vår». 6.-klassing Caroline Harstad hadde teikna fint diplom, og Elisabeth vart høgtideleg utnemnd til æreselev ved Ullavik skule. Det «dryppa på klokkaren» også, med det klubbtrubadur Olav P vart bydd opp til å svinge seg i «valsen mot vår» med sjølvaste «Bettan» og med Rolf ved keyboardet. Den dansen gløymer OP aldri! Presidenten ymta om at songen kunne takast opp att den 30. oktober, nærast råd 2. november. Vi får sjå!
3. Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå forrige møte, frammøte 70%, og dessutan kommande bursdagsbarn, Arild S., som fyller 47 den 21., på søndag.
4. 3-minutt var ved Ilyias Degirmenci,- hans første 3-minutt i SRK. Han sa til å begynne med at han treivst godt som rotarymedlem. Møta gav han høve til god kontakt med andre og fri frå jaget på jobben som konsernleiar. Ilyias brukte tida til å informere om sitt og kona Varvara Degirmenci sine tiltak og eigarskap i Ib.Degirmenci Eiendom AS, i tillegg til å vere familiefar og som far til to barn. Etter kvart har tiltaka og eigarskapa blitt mange, noko eit av bileta/ konsernskjema, tydeleg viser. I 2014 opna han og kona Pizzabakeren i Sykkylven. Etter ei tid med krevjande økonomi og drift, meiner han no å kunne stå mykje tryggare, med fleire bein å stå på, og med definitivt grøn farge på botnlina.
5. Presidenten informerte om tilsend e-post frå Inger J. Riksheim, via Steven Blindheim, om vakter til Open storhall, avslutning, med oppmøte 26.04.24 kl. 18 i vestibyla på storhallen. Medlemmene melder seg til Presidenten. Det er snakk om vanleg fordeling, med vaktøkter på eit par timar. Nils Arve minte om påmelding, gjerne med følgje, på turen 26. mai.
6. Pause: mat og prat. Roald mat er god mat!
7. Ingrid van der Velde, innflytt frå universitetsbyen (med universitet frå 1600-talet) Franeker i Nederland. Ho fortalde i sitt ego-foredrag om sitt og familien sitt liv som tilflyttarar til Sykkylven. «Byjente med kamera på Sunnmøre», som det står på eit bilde. Faren i Franeker jobba med fotografering, og slik fekk Ingrid inn fotografering etter inspirasjon frå pappa, som hadde mørkerom på loftet. Ho fekk også overta hans store samling av fotografi. Som 17-åring tok Ingrid utdanning som sjukepleiar. Studenten kunne velje mellom A,- å bli sjukepleiar på sjukehus, B,- å studere psykiatri,- eller C,- funksjonshemmingar/ åtferdsvanskar. Ho tok først C utdanning, og deretter B. Nysgjerrig som ho var, utvida ho med å ta ein bachelor grad i sosialt arbeid, 1998. Dermed låg vegen open til ny jobb, relatert til ISO-sertifisering i helsevesenet. ISO-sertifikat er eit kvalitetsstempel og dokumentasjon for god utvikling innan eit område eller ei bedrift. Dette jobba ho med i seks år, på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. «Helseplattformen» her i Helse Midt, jobba ho med alt for 25 år sidan! (Sjølvsagt ikkje med plattformen frå EPIC i USA!) Deretter reiste nysgjerrige ho og familien til Noreg, og hamna i Sykkylven, sidan her fann mannen André Spoelstra seg arbeid. Ho, som sjukepleiar, kunne få seg jobb over alt! Eldstejenta Nynke Spoelstra kom i 2000. Femke kom i 2004. Så fekk Ingrid ein diagnose med alvorleg, livstrugande svangerskaps-forgifting,- som ho vart frisk av, men som alt i alt vart «drivarar» til å prøve «noko heilt nytt», gjerne med pastoral/ landleg profil, utan stress. Ingrid Velde måtte revurdere kva som var viktig i livet, og det var IKKJE å vere med i the RAT RACE i Franeker. Svaret vart altså desember 2005, tre veker før Femke fylte eitt år: Sykkylven/ Klokkehaug og Hundeidvik! Og takk for det, seier vi her i kommunen, men Ingrid måtte starte frå scratch! Som innvandrar har det gått veldig bra, seier Ingrid. Referenten OP innser no at han kanskje burde brukt KI/ kunstig intelligens, for å få eit referat innanfor ei overkommeleg ramme,- men for særleg interesserte har vi heile foredraget på MPEG-4 fil, med interessant framføring om livet på Møre. Nyleg debuterte ho som forfattar, med ei lita bok om Å LØFTE BLIKKET I EN DRÅPE: ei bok om dråpefotografering, noko som ho har oppdaga, utvikla og blitt kjend for sidan ho flytte hit. Sjå dei vedlagde bilda, som NB! ikkje held kvaliteten til originalbilda. Levebrødet, jobben som tilsett i kommunen, er også godt innanfor hennar kompetanseområde, og utgjer eit verdfullt bidrag for kommunen sine tilsette og hjelpetrengande.
8. Til slutt takka president Knut-Henning for dei særs interessante innslaga, både 3-minutt og ego-foredrag, og så var det takk for i kveld og vel heim. Referent: Olav Pileberg
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.