President Knut Henning Aursnes ønskte velkomen med motto: «Create hope in the World» og Fred i Ukraina!
Allsong: «Fra mitt trange, mitt stengende bur»
Frammøteprosent frå forrige møte 60%. Bursdager: Asbjørn Klokk 77 år 1.juni
3-minutt ved: Knut Jarle Vik; «Rotaryturen 2024»
Knut Jarle køyrde ein bildekavalkade frå turen med buss og ferge frå Sykkylven via Lepsøybrua, Finnøya med middag på Finnøy Havstuer. Deretter gjekk turen til Ona/Husøya med eit kvarters opphald, deretter retur. Det var flotte bilde frå ein dag med nydeleg maiver!
Kunngjeringar frå sekretæren (fråverande):
I melding frå Greta Herje, f.t. deltakar på «Rotary Convention» i Singapore, minte ho om vår «stand» under Sykkylvsdagane, med loddsal/kjøp av div. handarbeidsprodukt frå Filippinane. Dette skal gå før som midlar til «Lola Daycare center»!
Vidare vart det gitt generell invitasjon til Ulstein Hotel 24.06.24 med guvernevørskifte (Lidun Hareide) og presidentskifte. Invitasjonen gjeld alle klubbmedlemer, med påmelding til president Knut Henning.
Ego-foredrag av Linda Aurdal Wales
Linda Aurdal Wales presenterte seg som skapar og designer, illustratør, fotograf, party-planner og arkitekt for eige hus, med utdanning frå Norge og USA .
Personlege data er at ho vart fødd i Sykkylven, og med grunnskule og fagutdanning her i distriktet, reiste ho til USA i 1985. Der utdanna ho seg vidare, sjå CV-en til venstre. Ho har imidlertid halde på sitt norske statsborgarskap.
I 1991 gifta ho seg med David Wales, som også har drive eige firma m.a. med framstilling og sal av naturmedisin, produsent av «gjæra kveitespirar». Dei er busette i Stamford, USA, ganske i nærleiken av New York, men pendlar stadig mellom Norge og USA.
Som det vidare framgår av CV-en trur ho på «Å dele og gi frå hjartet» og «Dersom du kan drøyme det, kan du gjere det».
Ho viser vidare til oppdrag for Sjølyst, Hjellegjerde, Berserk, Ekornes i Norge og Sara Mique, Gloria Mique, Fops Paris etc. i utlandet.
Linda la vidare fram ein imponerande og overveldande presentasjon av teikningar, illustrasjonar og maleri i akryl og olje, fotos, annonser for div. firma.
Ho viste eit sterkt engasjement for naturvern, ikkje minst «save the bees», og sjølvlaga plantebaserte matrettar på ikkje- prosessert grunnlag, samt bilde frå eigen hage «til å bli stum» av.
Familien ser ut til å ha ei omfattande reiseverksemd, ikkje berre USA-Norge, men over heile verda. M.a. synte ho ein filmsnutt frå 70-års Jubileet for den allierte invasjonen i Normandie 6. juni 1944.
«Orchids of Life Garden Party» fekk vi visning av, samt presentasjon av div. Research-prosjekt, vesentleg innan helsekost/naturmedisin.
Vi håper Linda kan fortelje meir om seg sjølv, familien og sine mange prosjekt ved eit seinare høve i Rotary!
Referent: Odd Holen
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.