Referat frå Rotarymøte 12.06.24
Tema: Olympic/ Rimfrost v/ Caroline Hjellegjerde
Presidenten opna møtet med å ønske velkommen til gjester og medlemmer og starta som alltid med å tenne eit lys for mottoet: «Create hope for the world» Allsang, ( i Olav P. sitt fråver) «Vår beste dag»
3 min går ut.
Kunngjering frå presidenten;
Distriktskonferanse 27-29. sept i Ulsteinvik. Påmedlingsfrist 15.06.
Knut Vik: Orientering om standen på laurdag for «Prosjekt Filippinene».
Greta Herje: Guvernørskifte i Ulsteinvik 24.juni.
Program: Caroline Hjellegjerde orienterte om Olympic konsernet, lokalisert i Fosnavåg.
Stig Remøy starta i det små i 1978, - og i 1996 starta han Olympic og restrukturerte selskapet i 2017 ( frå 20 til 10 båtar). Har no 2 nye båtar under bygging.
Nokre nøkkeltal:
HR-startegi: Tiltrekke- halde på – utvikle – avslutte. Det handlar om «tilsettesyklys»
Steg 1: kamp om talenta
Steg 2: Halde på gode tilsette
Steg 3: Leiarskap og leiarstrategi
Steg 4: Unngå utbrentheit
Steg 5: Design
Steg 6: God rettleiing og god kommunikasjon
Fokus på dei fysiske, psykologiske organisatoriske tilhøva.
Svært viktig med god intern kommunikasjon om kva som skjer i konsernet. Merkebygging gjennom alle tilsette.
Rimfrost:
Krillbåt som opererer i Antarktiske farvatn. Krillolje er eit omege-3 produkt. Olja som er produsert av selskapet inneheld 2-3 mer antioxidantar enn andre krilloljer.
Ein av båtane til Olympic, - «Olympic Zevs» har kaptein frå Sykkylven, Geir Helge Stave.
Dette er eit multifarty som kan utføre fleire kompliserte operasjonar, m.a å feste plattformar og havvindmøller.
Kundane gir svært gode tilbakemeldingar til selskapet. Har og fått ein pris for eit nytt tryggleikssystem- Tracking- eit av skipa er no nominert til «Ship of the year»
Referat og foto: Steinar Nordmo
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.