Referat frå Rotarymøte 19.06.24
Program: Presidentskifte og utdeling av æresbevisningar + vinlotteri.
Presidenten ønskte velkommen og tente lys for mottoet « Create hope for the world»
Allsong: « Det er sommer»
- 3 min:
Helge Sandal. Han er med i styret for «Den norske israelsmisjonen» som vart stifta i 1848, - for å hjelpe jødar spes. i austeuropa.
Antisemitismen sprer seg veldig i Europa. Undersøking i 2018 viser m.a at 9 av 10 jødar opplever auka jødehets og 4 av 10 vurderer i forlate Europa. Mange føler seg ikkje trygge i Noreg, mange tør ikkje bruke Davidsstjerna. Oppmoding: - Vi må stå opp og ta ansvar og gi støtte til norske jødar slik at dei kan føle seg trygge i landet!
- Prosjekt Filippine:
Nokre glimt med bilete frå standen til Prosjekt Filippinane på Sykkylvsdagane.
Presidenten retta stor takk til dei som hjalp til. May-Britt, Oddbjørn og Lone hadde og sendt takk for hjelpa og støtten frå Rotary.
Lone har laga ein film frå Filippinane som var vist på møtet. Her fekk vi sjå glimt frå kvardagen med m.a besøk hos nokre av dei som får støtte gjennom prosjektet og vi fekk og sjå ein av vannpumpene i bruk.
- Utdeling av Paul Harris Fellow.
Dette gis til personar som har vist ekstra innsats i Rotary og/eller i samfunnet elles.
Forslag frå Greta Herje og Odd Jostein Drotninghaug og eit samla styre stilte seg bak:
- Ove Straumsheim
Ove Straumsheim fekk tildelt diplom , nål og blomar frå presidenten. Ove har vore medlem i klubben i 46 år, har vore svært aktiv og har hatt mange ulike verv i klubben og elles i samfunnet.
Ove takka for æresbevisninga og trakk fram mykje av det positive som Rotary står for.
- Greta Kristi Herje:
-Men det var eit medlem til som blei tildelt denne æresbevisninga; Greta Herje («Vedtak» i styret). Greta har vist stort engasjement både i samfunnet, i klubben og i Rotarydistriktet.
Ho vart medlem i Sykkylven Rotaryklubb i 2015 og har hatt mange viktige verv sidan ho vart medlem, både i klubben og m.a som assisterande distriktsguvernør over to periodar.
Greta takka kubben for at ho blei tatt veldig godt i mot og at ho har fått mykje tillit.
I samband med utdelingane song vi Rotarysongen med tekst av Kårstein Blindheim.
- Presidentskifte
-Siste del av programmet var presidentskifte. Avtroppande president Knut Henning Aursnes takka for presidentåret som han har hatt hovudansvaret for og syntest det hadde gått veldig fort og at det hadde gått betre enn venta med å kombinere presidentvervet med alle andre oppgåver i hvardagen. Han retta spesielt takk for støtte frå pastpresident Knut Molnes og innkomande president Nils Arve Kjemphol. Den tredje personen som fekk takk for støtte gjennom året var Olav Pileberg. Han har forsynt meg med songar på løpande band. Takk også til ein fantastisk programkomité som har sørga for veldig interessante program. Dette er limet i klubben. og det har vore veldig kjekt å vere her,
Nils Arve fekk overrekt presidentkjede, nål og blomar frå Knut Henning og var ønskt lukke til med vervet for komande rotaryår.
Nils Arve takka for tilliten og annonserte møtet neste onsdag som sitt først møte, - med presidentens time.
Referat og foto: Steinar Nordmo
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb