Presidentskifte og Paul Harris Fellows utdeling

Referat frå Rotarymøte 19.06.24

Program: Presidentskifte og utdeling av æresbevisningar + vinlotteri.

Presidenten ønskte velkommen og tente lys  for mottoet « Create hope for the world»

Allsong: « Det er sommer»

- 3 min: 

Helge Sandal.  Han er med i styret for «Den norske israelsmisjonen» som vart stifta i 1848, - for å hjelpe jødar spes. i austeuropa.

Antisemitismen sprer seg veldig i Europa. Undersøking i 2018 viser  m.a at 9 av 10 jødar opplever auka jødehets og 4 av 10 vurderer i forlate Europa. Mange føler seg ikkje trygge i Noreg, mange tør ikkje bruke Davidsstjerna. Oppmoding: - Vi må stå opp og ta ansvar og gi støtte til norske jødar slik at dei kan føle seg trygge i landet!

 

- Prosjekt Filippine:

Nokre glimt med bilete frå standen til Prosjekt Filippinane på Sykkylvsdagane. 

Presidenten retta stor takk til dei som hjalp til. May-Britt, Oddbjørn og Lone hadde og sendt takk for hjelpa og støtten frå Rotary.

Lone har laga ein film frå Filippinane  som var vist på møtet. Her fekk vi sjå glimt frå kvardagen med  m.a besøk hos nokre av dei som får støtte gjennom prosjektet og vi fekk og sjå ein av vannpumpene i bruk.

 

- Utdeling av Paul Harris Fellow. 

Dette gis til personar som har vist ekstra innsats i Rotary og/eller i samfunnet elles.

Forslag frå Greta Herje og Odd Jostein Drotninghaug og eit samla styre stilte seg bak:

- Ove Straumsheim

Ove Straumsheim fekk tildelt diplom , nål og blomar frå presidenten. Ove har vore medlem i klubben i 46 år, har vore svært aktiv og har hatt mange ulike verv i klubben og elles i samfunnet.

Ove takka for æresbevisninga og trakk fram mykje av det positive som Rotary står for.














- Greta Kristi Herje:

-Men det var eit medlem til som blei tildelt denne æresbevisninga; Greta Herje («Vedtak» i styret).  Greta har vist stort engasjement både i samfunnet, i klubben og i Rotarydistriktet.

Ho vart medlem i Sykkylven Rotaryklubb i 2015 og har hatt mange viktige verv sidan ho vart medlem, både i klubben og m.a som assisterande distriktsguvernør over to periodar.

Greta takka kubben for at ho blei tatt veldig godt i mot og at ho har fått mykje tillit.













I samband med utdelingane song vi Rotarysongen med tekst av Kårstein Blindheim.

 - Presidentskifte

-Siste del av programmet var presidentskifte. Avtroppande president Knut Henning Aursnes takka for presidentåret som han har hatt hovudansvaret for og syntest det hadde gått veldig fort og at det hadde gått betre enn venta med å kombinere presidentvervet med alle andre oppgåver i hvardagen. Han retta spesielt takk for støtte frå pastpresident Knut Molnes og innkomande president Nils Arve Kjemphol. Den tredje personen som fekk takk for støtte gjennom året var Olav Pileberg. Han har forsynt meg med songar på løpande band. Takk også til ein fantastisk programkomité som har sørga for veldig interessante program. Dette er limet i klubben. og det har vore veldig kjekt å vere her,

Nils Arve fekk overrekt presidentkjede, nål og blomar frå Knut Henning og var ønskt lukke til med vervet for komande rotaryår.

 













Nils Arve takka for tilliten og annonserte møtet neste onsdag som sitt først møte, - med presidentens time.















Referat og foto: Steinar Nordmo 





 
Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS