Medlemsmøte 21 aug 2024

Sykkylven Rotaryklubb. Møte onsdag 21.august 2024

President Nils Arve Kjemphol ønska alle saman velkomne til eit nytt rotary år.

Slagordet til Rotary året er «THE MAGIC OF ROTARY». Presidenten snakka varmt om kva ein kan få til i klubben, og i samarbeid med andre klubber. 

Agenda for dagens møte var, allsang, kungjeringar frå sekretæren. 3 minutt gjekk ut. 

Sekretær Steinar Klokk informerte om at siste møte før ferien var det 21 oppmøtte, 4 i permisjon og 1 sjukmeldt. Oppmøte prosenten var 67%.

Dagens song var Å samlast er ei gledessak. Her spelte Halvor Inge Sporsheim trekkspell til songen. 

Rotary kaffe og prat rundt bordet. 

Foredrag/tema: Foredrag ved Halvor Inge Sporsheim.

Erfaringar som innflyttar og styreleiar ved Halvor Inge Sporsheim. 

Halvor Inge Sporsheim starta med å takke for invitasjonen. Han er far til Arild Sporsheim. Han og kona kom frå Vestnes ca 1 times køyretid pluss ferge. Kona er frå Ørsta.  Dei har fleire born på Sunnmøre og kona ville flytte dit, men Halvor har holdt igjen i ca 10 år. 

Vestnes er ein litt mindre kommune enn Sykkylven. På Vestnes hadde dei bustad og stor tomt. På Vestnes har Halvor jobba heile sitt yrkesaktive liv som bankmann. Ei av hovedoppgavene var å innvilge lån til kundar m.m. 

Då dei flytta til Sykkylven selde dei hus og tomt på Vestnes. Den 15 september 2023 flytta dei inn i ei av dei 24 leilighetene på Aure Sjøside. Her er det 40 personar som bur. Begge to trivast og synes det er flott å bu i blokk. Det er også kjekt å bli kjent med dei andre som bur der. 

Før dei flytta til Sykkylven såg dei også på ei leilegheit på Moa, men prisen der var mykje høgare enn i Sykkylven.  

Begge to er opptatt av å delta på det som skjer i bygda. Interesser er kyrkje, bedehus, og kulturhus. 

Når han fortel andre at han er far til Arild Sporsheim føler han seg «dus» med folket, og det set han stor pris på. 

Halvor blei pensjonist då han var 62 år. Det første han gjorde var å ordne murer på eit  uthus. 

Han tok då eit bilete som viste at han stod med ein hammer. Bilete sende han til tidlegare kolleger der han skreiv fylgjande tekst « skifta ut bank med bank».

Han dyrka også poteter på Vestnes noko han heldt på med i 10 år. 

Halvor og kona har blitt godt kjent med Gerd og Peder Blakstad i Sykkylven.

Halvor er imponert over musikklivet i bygda.

Han spelar også volleyball der han har blitt  kjent med utenlandske venner. 

Han er imponert over biblioteket, og møbelmuseum som bygda har å vise fram. 

Halvor har tatt på seg styreleiar vervet i Aure Sjøside noko han likar då han blir betre kjent med dei som bur i blokka. 

Halvor og kona er svært positive til Sykkylven og vil oppfordre andre til å flytte hit. 

Halvor spelte til slutt på trekkspell «Min hatt den har tre kanter» som vi alle song til.

Presidenten takka Halvor for foredraget, og ynskte  alle vel heim. 

                                                                                         Skrivar: Steven Blindheim


 
Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS