Møtereferat frå Sykkylven Rotary onsdag 25.09.2024
President Nils Arve Kjemphol ønska alle velkommen. Han ønska velkommen dagens foredragshaldar Margrete Brunstad,og til Sigbjørn Brunstad, Astrid Hausvik og Bjarte Hovland som var gjester.
Allsong : Ein sommer er snart over.
Steinar Klokk opplyste at forrige Rotary møte var det eit oppmøte på 23 personer dvs 70 %. 5 medlemmar har permisjon.
3 minutt ved Steven Blindheim
Fortalte at i januar månad 2024 blei det innført ei ny ordning i politiet. Grunnen for at den nye ordninga blei innført var at publikum skulle få svar på spørsmål innanfor ulike fagfelt.
Ringer ein i dag 02800 får ein spørsmål om kva det gjeld.Ein kan då bli sett over til følgande:
Straffesaksmottak er bemanna frå mandag t.o.m fredag
Dei andre som er nemnd er ope frå mandag til torsdag.
Eg vil no orientere om straffe saksmottak som eg sjølv betjener og har erfaring frå.
Totalt er det 32 personer som rullerar på bemanninga.
Straffesaksmottak har følgjande oppgåver:
Når ein person ringer må den som sit i fagmottakm avklare om forholdet er straffbart.
Kan ein anmelde forholdet via nettet politiet.no ?
Kan personen skrive anmeldelse sjølv ? Her kan vi gje rettleiing.
Saker som gjelder vold og trusler,der må personen fysisk møte opp på politistasjonen for å avgi forklaring. Dersom forholdet har skjedd i Kristiansund eller ein annan stad i politidistriktet er det den som sit i fagmottak som må booke tidspunkt for anmeldelsen. Tjenestepersoner ved kvar einskild stasjon skal følge opp saka.
Tjenestepersonen i fagmottak må også vurdere om forholdet personen ringer om krever umiddelbar etterforskning.
Avklare om det er eit forhold som tilseier at operasjonssentralen må iverksette politiarbeid på staden.
Ein kan også få telefoner frå fornærmede, mistenkte og sikta som trenger svar på straffesaka si eller at etterforsker eller påtaleansvarlig tek kontakt med fornærmede eller sikta. Vi gir då beskjed til etterforskar og påtalejurist om å ta kontakt.
Eg synes at dette er ei veldig god ordning. God fordi publikum blir ivaretatt og får eit svar med ein gong. Undersøkingar viser at 98 % blir svart ut for dei som tek kontakt med straffesaks mottaket.
Dagens foredragshaldar Margrete Brunstad fortalte om ekspedisjonen/skituren sin over Grønland. Ho kalla foredraget sitt for «Draumen om Grønland.»
Førebuingar før turen var trening med dekk pulk, styrketrening og samlinger med gjengen. Margrete fortalte at ho trente 3 gonger i veka med å drage dekk på Sula og i Spjelkavik. Margrete som er frå Velledalen var også fleire gonger på Fjellsætra og drog tung pulk som var lasta med maursyrekanner.
Dei var 10 personar som gjekk på ski lag . For Margrete har dette alltid vore ein draum. Alle som gjekk turen var først på treningssamling i Nittedal, vintertrening i Skorgedalen. Her gjekk dei på ski og drog pulk innover Ljøsådalen.
Skituren starta 10 mai 2024. Den starta frå Kangerlussuaq. Dette er ein liten by på høgde med polarsirkelen.
Når dei kom dit var det førebuingar til turen. Her blei det pakka mat og utstyr for 26 dagar.
Margrete hadde med seg totalt 18 kg med mat. Middagsmat og lunsj blei pakka i mindre pakker.
Det var dyreliv og sjå på turen. Polarhare, moskus og reinsdyr. Det var også spor frå isbjørn.
På dag 1 var det brefall. Eit brefall eller isfall er ei avsluttende skråning av bre som ofte er bratt, har ujamn flate og bresprekker. Dette var det tyngste partiet å gå fordi pulken var fullasta og det gjekk oppover. I tillegg var det nokon av dei andre som trengte avlastning.
Ein vanleg «arbeidsdag» på turen bestod av at alle stod opp kl. 07:00 og smelta vatn til frokost, lunsj og varm og kald drikke. Deretter åt dei frokost drakk kaffe og pakka ned utstyr og tok ned telt.
Kl. 09:00 var alle klar for ein ny dag på ski. Dei gjekk mellom 20 - 25 km dagleg og på slutten 30 km med nokre korte pauser og ei lunsjpause mellom.
Alle som deltok hadde kvar si økt med navigering over isen.
Vi fekk sjå fleire bilder frå turen. Kos frå måltider som bestod av muslibar og spanande middager frå Fredrik.
Margrete sa at ein har mest med den ein bur i telt ilag med.Det var derfor viktig at dei laga gode rutiner. Det var svært viktig at sure sokker, klær og fctposer blei tørka.
På dag 10 kom dei fram til ein nedlagt amerikansk radarstasjon frå den kalde krigen. Den skulle hindre fiendtlige fly frå å kome inn i over amerikansk territorium utan at ein merka det. Stasjonen blei forlatt i juni 1988 i løpe av 48 timer. Ein kunne sjå korleis det framleis såg ut på denne stasjonen den dag i dag.
Dei traff også på forskere på isen då eit Hercules fly landa.
På dag 16 passerte dei det høgaste punktet på turen 2510 m.o.h.
På grunn av sterk vind og kulde var dei værfaste den 23 dagen.
Det var veldig kaldt i mai. Vanleg temperatur - 20 til - 25 grader, og det var mykje vind.
Det var forskjellig værforhold som var utfordrande. Spesielt var det knytta utfordringar til ein vind som blir kalla Piteraq. På grunn av sterk vind måtte telta gravast fram om morgonen fordi det hadde lagt seg snø på teltduken.
Turen enda til slutt i Tasiilaq. Dette er den einaste byen som ligg sydaust på Grønnland. Der bur ca 1852 innbyggere.
Totalt gjekk dei ein skitur på 600 km. Skiene dei brukte var av merke Åsnes Cecilie Skog og hadde halvfeller.
Dei fekk også delta på båttur og seljakt.
Margrete sa til slutt at dette var eit fantastisk eventyr og eit minne for livet.
Referent
Steven Blindheim
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.