Referat frå styremøte i Sykkylven Rotary klubb 02.10.2024
Til stades:
Knut Henning Aursnes, Knut Martin Molnes, Odd Jostein Drottninghaug, Hallgeir Lade, Sindre Stuen, Steinar Klokk, Knut Vik
Forfall:
Arild Sporsheim
Status komiteane:
PR / info: Alt er i rute. Dokumenta ligg på sharepoint
Kasserar: Vi ligg an til eit overskot på om lag 37.000 kr for førre Rotaryår. Vil jobbe fram mot årsmøtet med fokus på budsjett, samt å få på plass revisors beretning.
Klubb / adm: Ting er i rute. Odd Jostein må ha på plass forslag på kandidatar til val av komiteleiarar og innkomande president i god tid før årsmøtet 4.desember. Han vil sende ut ein epost med innspel på kandidatar i løpet av oktober,
CYEO: Ingen konkrete forslag til ungdomsutveksling. Kostnaden for å ha ein ungdom på utveksling er om lag 40.000 kr. Kan vere lurt å samarbeide med Stranda. Sindre vil vidare ta kontakt med Sykkylven vgs for å få hengt opp ein plakat om dette.
Vi drøfta vidare det å arrangere sommarcamp.
TRF: Lurte på korleis vi skal handtere pengane som kom inn til Henrik Straumsheim si skrivarstove. Skal det betalast attende alt, eller kan ein finne løysingar for å nytte midlane på ein annan måte for å kunne gjere noko som gjer at vi beheld pengane. Knut Henning foreslo å lage ei infotavle, skilt eller ei brosjyre. KM tek saka opp med Greta.
Stilte spørsmål om eit anna prosjekt kan vere ein sti / trapper opp på Aurenakken direkte opp frå garden nedanfor. Skal ein evt få til dette så må ein gjere det i eit samarbeid med andre klubbar i lokalsamfunnet, slik som Odd Fellow og Lions. Hallgeir vil ta turen for å sjå om det er mulig å få det til, før vi evt inviterer til eit fellesmøte med dei andre klubbane for å sondere terrenget. Når ein har fått litt kjøt på beinet må ein inkludere klubben og sjå om det er eit engasjement for å få dette til. Kommunen må også involverast i eit fellesmøte med klubbane. Det bør vere aktuelt for kommunen å bidra, t.d. gjennom grunnavtalar.
Sekretær: Stiller spørsmål rundt hensikta med å registrere oppmøtet. Presidenten tek kontakt med Greta for å få avklart om det har ein funksjon eller om det evt er noko som kan droppast.
Prosjekt / service: Ferdig med prosjekt gangfelt. Fått svært gode tilbakemeldingar. Når det gjeld lys til julegrana ved BUAS så har Møre Trafo sagt seg villig til å sponse nye lys, og så er det ein drøft med Geir Brekke korleis dette kan gjerast meir praktisk. Hallgeir kan stille med lift for å få opp lysa. Ein må og vurdere om lysa kan henge året rundt. Speidarane har ikkje nokon spesielle prosjekt i år, men mulige prosjekt til våren, t.d. skifte ut kledninga på gamma. Odd Jostein foreslo også å utvide med litt nye lys i dette området. Oppmoda om at det vert tatt ein prat med Einingsleiar BUAS for å sjå kva som kan vere aktuelt. Målet må vere at ein kan få til meir lys som er meir synleg for bebuarane. Knut tek det vidare med komiteen.
Medlemskap: Ikkje kome så langt med nye kandidatar. Vi treng å kome meir ut av bobla med eigne venner og heller sjå ut over denne gruppa. KH foreslår at det vert laga ei annonse både i NYSS og på sosiale medier for å kunne rekruttere litt breiare. Knut Vik forslo i den samanheng eit ope møte, gjerne med eit tema retta meir mot damene og ei yngre målgruppe i og med at ein ser at vi har ein svært dårleg kjønnsbalanse. Ei annonse kan gjerne også vere i samarbeid med Stranda Rotary klubb. Odd Jostein foreslo at ein må ha ein større plan for å få dette til. Det handlar m.a. om å få endra omdømet slik at vi får eit meir ope bilde av klubben. Vi drøfta litt korleis vi skulle gripe dette an.
Neste styremøte vil ha dette som einaste sak, saman med medlemsskapskomiteen.
Polioaksjonen: Vi er oppfordra til å lyssette ei bygning 24.oktober for å sette fokus på Polioaksjonen. For å få til dette er det viktig å ha med folk som kan bidra med lys. Alternativ er Berlihuset. Må evt følgast opp med ei pressemelding i NYSS. Knut Vik sjekkar opp lys og Berlihuset. Nils Arve ser litt meir på korleis ein kan generere inntekter. Vidare arbeid med dette vert tatt på eit styremøte onsdag 16.oktober.
Innkjøp av nye vestar: Det vert jobba med felles innkjøp frå alle klubbane i regionen med nye, blå vestar. Har kontakt med Furene. Presidenten tek saka vidare, og får fullmakt til å evt bestille dei. Det vert og bedt om at ein får eit tilbod på beach-flagg.
Guvernørmøte: 29.oktober i Volda. Vi må ha som mål å få fylle opp minst ein bil
13. desember 2024
Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.