Styremøte 2 oktober 2024

Referat frå styremøte i Sykkylven Rotary klubb 02.10.2024

 

Til stades:

Knut Henning Aursnes, Knut Martin Molnes, Odd Jostein Drottninghaug, Hallgeir Lade, Sindre Stuen, Steinar Klokk, Knut Vik

Forfall:

Arild Sporsheim

 

Status komiteane:

PR / info:             Alt er i rute. Dokumenta ligg på sharepoint

Kasserar:            Vi ligg an til eit overskot på om lag 37.000 kr for førre Rotaryår. Vil jobbe fram mot årsmøtet med fokus på budsjett, samt å få på plass revisors beretning.

Klubb / adm:   Ting er i rute. Odd Jostein må ha på plass forslag på kandidatar til val av komiteleiarar og innkomande president i god tid før årsmøtet 4.desember. Han vil sende ut ein epost med innspel på kandidatar i løpet av oktober,

CYEO:                   Ingen konkrete forslag til ungdomsutveksling. Kostnaden for å ha ein ungdom på utveksling er om lag 40.000 kr. Kan vere lurt å samarbeide med Stranda. Sindre vil vidare ta kontakt med Sykkylven vgs for å få hengt opp ein plakat om dette.

                                    Vi drøfta vidare det å arrangere sommarcamp.        

TRF:                        Lurte på korleis vi skal handtere pengane som kom inn til Henrik Straumsheim si skrivarstove. Skal det betalast attende alt, eller kan ein finne løysingar for å nytte midlane på ein annan måte for å kunne gjere noko som gjer at vi beheld pengane. Knut Henning foreslo å lage ei infotavle, skilt eller ei brosjyre. KM tek saka opp med Greta.

                                    Stilte spørsmål om eit anna prosjekt kan vere ein sti / trapper opp på Aurenakken direkte opp frå garden nedanfor. Skal ein evt få til dette så må ein gjere det i eit samarbeid med andre klubbar i lokalsamfunnet, slik som Odd Fellow og Lions. Hallgeir vil ta turen for å sjå om det er mulig å få det til, før vi evt inviterer til eit fellesmøte med dei andre klubbane for å sondere terrenget. Når ein har fått litt kjøt på beinet må ein inkludere klubben og sjå om det er eit engasjement for å få dette til. Kommunen må også involverast i eit fellesmøte med klubbane. Det bør vere aktuelt for kommunen å bidra, t.d. gjennom grunnavtalar.

Sekretær:          Stiller spørsmål rundt hensikta med å registrere oppmøtet. Presidenten tek kontakt med Greta for å få avklart om det har ein funksjon eller om det evt er noko som kan droppast.

Prosjekt / service:        Ferdig med prosjekt gangfelt. Fått svært gode tilbakemeldingar. Når det gjeld  lys til julegrana ved BUAS så har Møre Trafo sagt seg villig til å sponse nye lys, og så er det ein drøft med Geir Brekke korleis dette kan gjerast meir praktisk. Hallgeir kan stille med lift for å få opp lysa. Ein må og vurdere om lysa kan henge året rundt. Speidarane har ikkje nokon spesielle prosjekt i år, men mulige prosjekt til våren, t.d. skifte ut kledninga på gamma. Odd Jostein foreslo også å utvide med litt nye lys i dette området. Oppmoda om at det vert tatt ein prat med Einingsleiar BUAS for å sjå kva som kan vere aktuelt. Målet må vere at ein kan få til meir lys som er meir synleg for bebuarane. Knut tek det vidare med komiteen.

Medlemskap:                  Ikkje kome så langt med nye kandidatar. Vi treng å kome meir ut av bobla med eigne venner og heller sjå ut over denne gruppa. KH foreslår at det vert laga ei annonse både i NYSS og på sosiale medier for å kunne rekruttere litt breiare. Knut Vik forslo i den samanheng eit ope møte, gjerne med eit tema retta meir mot damene og ei yngre målgruppe i og med at ein ser at vi har ein svært dårleg kjønnsbalanse. Ei annonse kan gjerne også vere i samarbeid med Stranda Rotary klubb. Odd Jostein foreslo at ein må ha ein større plan for å få dette til. Det handlar m.a. om å få endra omdømet slik at vi får eit meir ope bilde av klubben. Vi drøfta litt korleis vi skulle gripe dette an.

                                                     Neste styremøte vil ha dette som einaste sak, saman med medlemsskapskomiteen.

 

Polioaksjonen:               Vi er oppfordra til å lyssette ei bygning 24.oktober for å sette fokus på Polioaksjonen. For å få til dette er det viktig å ha med folk som kan bidra med lys. Alternativ er Berlihuset. Må evt følgast opp med ei pressemelding i NYSS. Knut Vik sjekkar opp lys og Berlihuset. Nils Arve ser litt meir på korleis ein kan generere inntekter. Vidare arbeid med dette vert tatt på eit styremøte onsdag 16.oktober.

Innkjøp av nye vestar:                Det vert jobba med felles innkjøp frå alle klubbane i regionen med nye, blå vestar. Har kontakt med Furene. Presidenten tek saka vidare, og får fullmakt til å evt bestille dei. Det vert og bedt om at ein får eit tilbod på beach-flagg.

Guvernørmøte:                                29.oktober i Volda. Vi må ha som mål å få fylle opp minst ein bil

 

 

 

 

 

 


 
Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS