Sykkylven Rotary Klubb, møte 30. oktober 2024 i Biblioteksalen.
Referat.
1. President Nils Arve Schwarts opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjest Tony Gjerde frå Politiet. Som første bilde for kvelden viste han det «illuminerte Berli-huset», opplyst etter initiativ frå SRK på kunstnarleg vis i høve Poliodagen 24. oktober. Presidenten takka Knut Vik som hadde ordna med lysmeister og elles alle som hadde delt Rotary-bodskapen på Facebook om å bekjempe poliomyelitt. Førtifire klubbar, både på Sunnmøre og andre stader var med på aksjonen,- som også fekk merksemd både på lokalTV og lokalRADIO. Meir om aksjonen på seinare møte.
2. President Nils orienterte så litt om guvernør-besøk i Volda RK i går, 29.10, med besøk av Lidun Hareide. Greta, Jan og Nils tok turen frå SRK. Strandarane gav god omtale av «torskemiddagen» og «turen til Ona» sist vår. Dei gav uttrykk for at dei ville skipe til torskemiddag i 2025 også. For SRK vert det truleg årsfest til våren, etter som det er vedteke anna kvart år med Rotary-tur. Guvernør Lidun hadde signalisert til Greta at ho gjerne kunne besøke SRK med «Volda-føredraget» sitt. Styret takkar for tilbodet og vil finne ein høveleg dato for besøk.
3. Etter at dagens orientering var unnagjort, vart ord og tone gitt over til «klubbtrubadur» Olav P. Han introduserte Sønnavindsvalsen,- til og med med illustrasjon generert av ChatGPT; chat generative pre-trained transformer, må vite. P.S.: den milde og sommarlege valsen kom som ein kontrast til regntunge og vindfulle dagar der uvêret «Jakob» sleit både på folk og (Vest-) land.
4. Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå førre møte: frammøte 67%, og dessutan ein stor flokk med tidlegare og to kommande bursdagsbarn; Steven B. som fyller år i morgon, og Helge Standal, som jubileums-fyller 70 på laurdag. «Happy Birthday» vart sunge så det ljoma – og for alle saman: Gratulerer!
5. 3-minutt var ved Svein Erik Kampenes. Han valde å informere om Hamneanlegg/ Hamnesikring med særleg fokus på Ekornes AS sitt, på Ikornnes. Det er godkjent av ISPS; International Ship and Security. Målet er å trygge hamneanlegga mot alle kriminelle aktivitetar. Godkjenning av ISPS er nødvendig, for å kunne ta mot dei store skipa som fraktar Ekornes sine produkt ut i den store verda. Flyplassane har som kjent tilsvarande tryggingsutstyr og rutinar. For hamner er det Kystverket som administrerer og tildeler godkjenning av ISPS for fem år om gongen, og handhevar regelverket. Ein PSFO – Port Facility Security Officer (sikringsleiar for hamneanlegg), i dette tilfellet Svein Erik, har ansvar for at alt er «på stell» etter regelverket, til ei kvar tid. I prinsippet kan anlegget ved Ekornes også ta mot cruise-skip,- men det har dei ikkje tenkt å gjere. Alt i følgje dagens 3-minutt kåsør, Svein Erik Kampenes.
6.Pause: mat og prat. Roald mat er god mat!
7. Politiet, v/ leiar for tenestestadane i Stranda og Sykkylven , Tony André Gjerde: Det førebyggande arbeidet.
«Bestillinga» frå SRK gjekk på saker som Politiet arbeider med opp mot ungdom: førebyggande arbeid mot kriminalitet i distriktet Stranda - Sykkylven. Dette er feltet der hovudinnsatsen vert sett inn. I kvardagen er det først og fremst førebygging som gjeld. På kontoret i Sykkylven er det tilsett 12 pluss 2 ekstra, pluss 3 studentar, i alt 17. I sommarmånadene får dei 4 i tillegg: totalt 21, så lenge kontoret i Geiranger er bemanna. Dette er lokalisert til det nye beredskaps-senteret, saman med brann og helse. Kontoret på Stranda er ope ein dag for veka.
Innsatsområda femner om vakt og beredskap, patruljeverksemd, trafikk-kontrollar, ulykker/ redning, o.a. som høyrer til liv og helse. Etterforsking av prioriterte straffesaker tek mykje tid. Etterretning dvs. innhenting av informasjon om og kartlegging av kriminaliteten i området… dette er arbeid som «folk flest» ikkje har kjennskap til. (Kanskje like greitt…) Forvaltning, pass og ID, sivil rettspleie høyrer også inn under arbeidsområda til dei tilsette. Dei to fokusområda i 2024 har vore og er 1) Trygge digitale rom,- på bakgrunn av synleg aktivitet på nettet. 2) Ungdomskriminalitet, etter som den har auka. Samarbeidsmøte på Parken Hotel i mars 2024: Tverrfagleg samarbeid er nødvendig for å greie å handtere dei ulike utfordringane som dukkar opp gjennom året.
Volum ungdomskriminalitet (gjerningspersonane er under 18 år) er aukande, og personane blir stadig yngre. I 2023 var det 22000 straffesaker, fordelte på 11700 gjerningspersonar. 36 prosent av sakene er knytta til personar under 15 år. Dette gir stor grunn til bekymring, og er årsak til det auka fokuset på ungdomskriminalitet. Valds- og vinnings-brotsverk viser sterk auke. Innan narkotika er hovudfokus flytta frå brukarane til å ta bakmennene. Dette etter retningsliner/ føringar frå Riksadvokaten for fem år sidan.
Snitching er ordet for sladring/ tysting i ungdomsmiljøa og konsekvensane av «straffene» er stor grad av underrapportering av uønska hendingar. Den «indre justisen» er sterk. Dei involverte ønskjer/ torer ikkje å melde kvarandre. Bruk av våpen og kniv har auka sterkt. Miljøet har blitt tøffare. På Sunnmøre ser vi at Moa er ein magnet,- eit episenter for ungdomskriminalitet. Ålesunds-området utmerkar seg negativt i fylket. Gjengar er ikkje uvanleg. Medlemmene kler seg spesielt,- gjerne med dyre merkeklede. Dei kommuniserer lynfort på sosiale media.
Deepfake/ manipulerte bilder gjerne med KI (Kunstig intelligens) som verktøy spreier seg i aukande grad. Narkotika er lett å få tak i,- gjerne på nettet. I trafikken er det auke av omsynslaus køyring,- også med uregistrerte doningar. Fleire av ungdommane er tekne fleire gonger,- det er gjerne slike som «treng litt lenger tid på å bli vaksne». Når dei får seg «dame» og born, brukar åtferda gjerne å betre seg.
Tony fortalde også at valds-episodar til no er så og seie ikkje til stades i vårt distrikt. Gla’melding, rett og slett. Politi, barnevern/ helse og skular er tett på. Der er kort veg og tid mellom handling og reaksjon. Kontakta er god mellom Politiet og dei ymse medspelarane i samfunnet. Dette verkar preventivt. Vi har ikkje kjøpesenter, og kanskje verkar dette også bremsande på etablering av negativ og uønskt aktivitet. Den negative statistikken her i området er på eit heilt anna og lågare nivå enn omkringliggande kommunar. Men dette gjev ikkje grunn til å slappe av. Ting kan snu fort.
Kva gjer Politiet viss dei får vite om ungdommar med problem-åtferd? Skule/ barnevern eller oppdaga av patrulje: politiet tek då kontakt med ungdommen og foreldra, og inviterer dei inn til samtale. Den det gjeld får fortelje om saka. Vidare blir det «tett oppfølging» og kontakt, i ein freistnad på å «styre tankane og åtferda i rett retning». Ungdomsoppfølging blir ofte valt om ein ungdom har gjort noko straffbart. Då blir saka send for oppfølging i Konfliktrådet. Ingen ting på rullebladet, men politiet og Konfliktrådet følgjer opp ungdommen med faste møte – i seks månader eller eitt år. Dette er strukturerte møte med konkrete punkt for oppfølging,- t.d. vedkommande rus. Ei såkalla U18-sak har ein frist på 42 dagar frå saka blir oppretta til ho skal vere ferdig etterforska og behandla av påtalemakta. Rusførebyggande team jobbar inn mot skulane med foreldremøte o.a. Refleks-kampanjar vert gjennomført heilt frå 1. klasse i grunnskulen. Nettvett og litt trafikk i 5. klasse. Foreldremøte i 7. klasse. Lovbrot og konsekvensar i 9. klasse. Kommande veke skal det vere eit større møte på Kulturhuset om rus.
Viktig: å vere til stades på dei arenaene der ungdommane ferdast. Bryte ned grensene for å ta kontakt. Kort sagt: GOD DIALOG MED UNGDOMMEN.
Så langt Tony André Gjerde,- som fekk både takk, gode ord og ei lita gåve frå presidenten, som deretter ønska oss alle vel heim.
Svein Erik Kampenes som perfekt servitør i «Mat og prat» pausen. Han heldt også 3-minutt om tryggleik i hamna på Ekornes AS.
Foto: OP
Litt datatrøbbel i byrjinga av foredraget, men etter 10 minutt hadde klubbens datakyndige fått bileta opp å gå. Frå venstre: CICO Roald Mork, Tony Gjerde, Arild Sporsheim, president Nils Arve Schwarz.
Foto: OP
Tenestestadsleiar i Politiet, Tony Gjerde, heldt eit informativt og godt foredrag om førebyggande arbeid blant ungdom i Sykkylven og Stranda.
Foto:
Odd Jostein Drotninghaug
Skrivar Olav Pileberg
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven