Styremøte 20 nov 2024

STYREMØTE SYKKYLVEN ROTARY KLUBB 20.11.2024

 

Til stades: Knut Martin Molnes, Sindre Stuen, Nils Arve Schwartz, Steinar Klokk, Arild Sporsheim, Odd Jostein Drotninghaug, Knut Vik og Roald Mork.

 

1.         Årsmøte 04.desember

a.         Nils Arve etterlyste køyreplanen for Årsmøtet. Minner om at Knut Henning må skrive årsmeldinga, samt at vi må ha på plass rekneskapen. Nils Arve tek kontakt med Knut Henning og Hallgeir. Odd Jostein legg fram forslag til nytt styre.  

                                                                    

2.         Julemøte 18.desember

a.         DG kjem på besøk. Greta har oppfølginga av dette. Arild tek kontakt med Greta for å få dette stadfesta

b.         Helge tek ansvar for musikken

c.         Bestiller mat med Kjellaug.

d.         Be om at dei som ikkje kjem melder frå slik at vi har meir oversikt over maten.

e.         Vi kan ta direkte kontakt med dei medlemmane som ikkje møter jamt. Vi tek dette igjen når det nærmar seg.

 

3.         Møteplan våren 2025

a.         Gjennomgått, justert og sendt ut til styret

 

4.         Komitéstatus

CYEO

Klubben har fått spørsmål om å ta imot ein utvekslingsstudent, evt i lag med Stranda, primært for å dele på kostnadane. Det er også ei muligheit at vi kan takke nei. Kostnaden er 25.000 kr, ved samarbeid med anna klubb vert det ei halvering av kostnadane. Utfordringa er kanskje å finne 2-3 familiar der personen kan bu. Konklusjonen vart at vi avventar til vi har nokon som kan tenke seg å reise ut samtidig.

 

CICO

Ikkje noko spesielt å rapportere, ut over at det vart kommentert at

heimesidemalen til Rotary ikkje har universell utforming. Distrikt 2305 har valt  ikkje gå for denne løysinga. Det er bra at Distriktet har stått på sitt synspunkt i denne saka.

 

Program

Har kontroll ut året, jobbar jamnt vidare. Odd Jostein bestiller eit beach-flagg med ROTARY som kan nyttast til profilering. Vi kan ha det utanfor der vi har møte, uavhengig av om det er i klubblokala eller om det er andre plassar.

TRF

I og med at prosjekt Skrivarstova ikkje gjeng vidare så må vi truleg betale tilbake pengane som vi har fått frå Distriktet. Dette skal vi avvente til nærare info frå Greta. Ingen andre nye prosjekt på gang pr no.

                 

 


 
Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

13. desember 2024

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.

Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS