Medlemsmøte 27 nov 2024 med Sykkylven Frivillig Sentral

Sykkylven Rotary Klubb, møte 27. november 2024 i Biblioteksalen.

Referat.

1.   Vikar-President Knut Henning Aursnes opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjest Tove Sperre frå Sykkylven Frivillig Sentral. Knut Henning orienterte om møteplanen, og overlet ordet og tonen til Olav P.

2.  Han introduserte som allsong Julepresangen,- til og med med illustrasjon generert av ChatGPT; chat generative pre-trained transformer, må vite. 2024 har vore/ er framleis, året der vi bl.a. minnast at det er 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd. Vi tòler difor godt ein song med litt nostalgi frå den tida då vi laga julepresangane sjølv,- slik som «Og det var vesle Jensemann, han strever dagen lang. Han snekrer på no’ spennende som snart skal bli presang…»

3.   Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå førre møte: frammøte 47% til konserten i kyrkja, der kantor Ola Eide m. fl. presenterte Suite nr.2 Opus 79, Utdrag av Job’s bok  av Egil Hovland, som vi også har markert 100-års minne for i 2024. Bursdagsbarn Odd Holen kan feire 1. desember. Ei lita mistyding førde til betydeleg munterheit i møtelyden, men det heile roa seg, slik at 3-minutt kunne introduserast

4.        3-minutt var ved Knut Molnes. Han valde å informere om Artificial intelligence (AI) eller KI – Kunstig intelligens, på godt norsk. Han tok eit historisk tilbakeblikk gjennom ti minutt på litt av utviklinga dei siste 40-50 åra. Etter at OpenAI og ChatGPT kom https://en.wikipedia.org/wiki/OpenAI , har det heile «teke heilt av» slik at det no blir brukt – til og med av denne referenten til allsong illustrasjon på møta i Rotary!

5.        Kaffi/ te, mat og prat.

6.        Kveldens foredrag sto Tove Sperre for. Ho er leiar for Frivilligsentralen (FS) i Sykkylven kommune. Frå noverande lokasjon i Fønixhuset nær kommunehuset, er det meininga å flytte til huset der Biblioteket held til.  FS er «ein uformell møteplass for alle, uavhengig av alder, kjønn eller posisjon.» Nye besøkande vert positivt overraska over kor kjekt og inkluderande det er å komme på besøk for ein halvtime eller meir, mellom klokka 10 og 16. Prisen for mat og drikke er svært rimeleg. Alle skal kunne ha råd til å «spandere på seg» eit kvart. Det heile er drifta av friviljuge, frå måndag til og med torsdag. Flyttinga til etasjen over biblioteket blir truleg i løpet av første halvår 2025.  Alle er hjarteleg velkomne. Eit rådgjevande organ/ styre er med og påverkar drifta: 2 representantar frå Levekår, og 3 friviljuge; for tida Ole Ramstad, Susanne Olli Fauske (Speider), Gudrun Wangsmo (Stikk Ut). Frivilligsentralen tilbyd ei rekke aktivitetar, som i sum dekker heile spekteret frå førskule til pensjonist. Med andre ord tilbod med ei imponerande breidde! Informasjon kan ein finne på www.sykkylven.kommune.no Prøv stikkord: Frivilligsentral.                

Så langt leiar for Frivillig-Sentralen, Tove Sperre frå Sykkylven kommune. Ho fekk både takk, gode ord og ei lita gåve frå vikarpresident Knut Henning, som deretter ønska oss alle vel heim.           


Vikar-President Knut Henning Aursnes ønska medlemmer og gjest Tove Sperre velkomne til rotarymøte.

 

 








 

 

Knut Molnes heldt 3 minutt  i ti minutt om Kunstig Intelligens.
Foto: Odd Holen

 




 Leiar for Sykkylven Frivilligsentral, Tove Sperre, heldt foredrag om tilbod og innsats for drifting av sentralen.

 


























Skrivar Olav Pileberg. Foto: OP 

 

 


 
Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS