Referat frå styremøte i Sykkylven Rotary klubb 16.10.2024
Til stades:
Nils Arve Schwarts, Arild Sporsheim, Knut Martin Molnes, Odd Jostein Drotninghaug, Sindre Stuen, Knut Vik, Roald Mork og Knut Henning Aursnes
Forfall:
Hallgeir Lade og Steinar Klokk
Sak:
Polioaksjonen:
Klubben gjennomfører polioaksjonen med lyssetting av ei bygning 24. oktober.
Knut Vik avtalar lån/leige av lys og oppsett av disse med Kjell Stave, og sjekkar ut at vi får straum og løyve til å lyse opp Berlihuset.
Nils Arve ordnar pressemelding til Nyss, eventuelt saman med Stranda Rotary Klubb, og marknadsfører aksjonen på Facebook og klubben si heimeside.
Medlemsverving:
Det vart bestemt at Knut Henning skulle undersøkje opplegg og tilbod for Sandra Aamodt, alternativt Hanne Sourza eller Aasne Follestad, om medlemsrekruttering på sosiale media.
Viktige innspel til ei slik kampanje er:
- Vi må vite korleis vi vert oppfatta for å kunne fortelje til målgruppa kven vi er
- Kan kombinere medlemsverving med å flytte arrangementa våre ut til for eksempel DIS eller Næringsfabrikken for å skape meir variasjon og verte meir synleg
Knut Henning engasjerer medlemskapskomiteen, som består av seg sjølv, Ingrid van Der Velde, Steinar Nordmo, Rolf Hjellegjerde og Geir Løset. Presidenten kan også vere med ved høve.
Det vart innvilga eit budsjett på kr 15.000,- til opplegget.
Referent:
Knut Henning Aursnes
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.