Medlemsmøte med Presidenten sin time

Sykkylven Rotary Klubb, møte 08. januar 2025, Presidenten sin time, i Biblioteksalen.

Referat.

1.   President Nils Arve Schwartz opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjesten Christian Aurdal Wales, son til Linda A. W. I kveld er ho framleis i USA. Nils Arve ønska alle eit Godt Nytt År, og orienterte om møteplanen. Deretter overlet han ordet og tonen til Olav P. som introduserte…

2.   Allsong … den tradisjonelle nyttårs-songen Skal gamal venskap kverva bort og ikkje setja far…? Norsk omsetjing av Bjørn Tore André, til ein skotsk folkemelodi frå 1759. For sikkerheits skuld song vi også første verset med den originale engelske teksten.

3.   Statistikk: ingen «statistikar» Steinar til stades, og difor ingen statistikk frå førre møtet, men derimot…

4.   3-minutt ved Bjørg Dyrkorn Velle. Ho ønska Godt Nyttår til alle saman, og håpa inderleg at 2025 ville bli eit betre år enn 2024. Ho «Eljas-Guri» eller Guri Aure brukte å seie når ho hadde høyrt på Dagsnytt: «Oi då… høyre du kart oss e’ komne…» Det kan vere freistande å seie like eins i dag: høyre du kart oss e’ komne? Kven skulle tru at krig skulle komme oss så nær, og kven skulle tru at dei som har makt og kan, ikkje greier å stoppe galskapen i Midt-Austen? Vi blir oppmoda om å klare oss sjølve med mat, vatn og varme, og ha radio med batteri. Då Bjørg ein gong nemnde for nokre elevar om noko som ho hadde høyrt på radio, fekk ho til kommentar: hæ,- har du RADIO?? Bjørg refererte til psykolog Magne Raundalen og ei gransking der han hadde spurt barn kva dei ville gjere viss det vart krig. Svara gjekk stort sett ut på «…å gøyme seg lurt.» Knivstikking, gjeng-kriminalitet, drap høyrer vi om (altfor) ofte her i fredelege Noreg også. I min barndom høyrde vi sjeldan om nokon som vart drepne. Ein song om Carl Jakob Schnitler (d. 2004) «Jeg vil synge om en mann, Jakob Schnitler heter han, han har folkevogn og er glad i unge piker…» Han hadde drepe fleire jenter, visste vennane til Bjørg å fortelje. Likevel: vi følte oss trygge. Bjørg viste både til Cuba-krisa og mordet på USA-president John F. Kennedy i 1963. Dette var langt unna. I dagens media-verd får vi alt tett innpå oss i fargar. Ikkje svart-kvitt, som i 1963. Dei fleste barn i dag har mobilen nesten som ein del av kroppen, og mykje sosial aktivitet går gjennom den. Mykje er positivt, men vi høyrer også om digital/ sosial mobbing, på ulike måtar. Det kan vere sjokkerande å sjå og høyre. Det same gjeld nettsider der vaksne ytrar seg. Det er nesten ikkje til å tru! Etter at «vår Farmen-Olav Harald» hadde stappa i seg ei sjokoladekake, hagla det inn med trugsmål, til og med trugsmål om drap. Mette Fredriksen i Danmark blei nyss eksponert på dansk TV. Ho ville fjerne alle kristne fridagar frå arbeidslivet i landet. Videoen viste seg å vere falsk. Jonas Gahr Støre har gått viralt etter at Elon Musk på X kritiserer JGS for å kritisere Tesla-sjefen EM saman med Bill Gates. (Rett forstått?) Vi lyt lære oss å avsløre AI/ Kunstig intelligens som kjem med «Fake News». Meiner Donald Trump alvor med å «overta» Grønland? Nei, det skal ikkje vere lett, var hjartesukket frå Bjørg Dyrkorn Velle. Referenten sluttar seg gjerne til hjartesukket frå Bjørg, og hennar konklusjon om alltid å vere beredt, eller budd, som styresmaktene våre og speidarane seier.

5.   Kaffi/ te, mat og prat. Gode sveler er aldri feil! Servitørar Bjørg D.V. og Geir Løseth.

6.   Presidenten tok ordet med diverse til vitande: A) Det nye styret,- gjennomgang og merknader. Odd Jostein hadde akseptert å takke ja på spørsmål om å stille som innkommande president, men måtte diverre trekke seg. Dermed står vervet framleis utan kandidat. Dei fleste i styret stiller til attval, men leiar for programkomitéen manglar. Kandidat er i tenkeboksen. Nils Arve «rykker ned» til Past President. Revisor Kai Otto held fram som før. President-kandidat til vervet for 2026-2027 står også utan namn. Det blir jobba med namn til  begge dei to presidentverva, og Nils Arve har tru for at det vil ordne seg innan fristane. Styremøte onsdag den 15. januar vil handsame desse sakene, og orientering til medlemmene vil bli kunngjort på vanleg vis. B) Rekneskap og budsjett.  Driftsinntekter. Driftskostnader. På førehand er dette sendt ut til alle dei 42 medlemmene, både for 23/24 og 25/26. Kontingentane for medlemsskap vert tilrådd å vere som før. Sameleis bidrag til The Rotary Foundation. Kostnad til møte-mat/ servering er under vurdering og sett i samanheng med Årsfesten for 2025. Inntil vidare vert noverande beløp ståande. Kva vedkjem loddsal, satsar ein på same inntekta som siste Rotary-år. Det same gjeld posten «Inntekt øvrig». Grasrotandelen Norsk Tipping viser same tal for begge Rotary-åra. Styret oppmodar om at flest mogeleg (Gjerne også ikkje-medlemmer) nyttar seg av å føre opp Sykkylven Rotary Klubb som mottakar. «Når du kjøper et spill, går en del av beløpet du spiller for automatisk til den grasrotmottakeren du har valgt.»        Kostnader: Presidenten refererte post for post ​og kommenterte etter kvart. Driftsresultat rekneskap for 23/24 enda på kr. 44309,- mot kr. 21401,- for 22/23. Presidenten signaliserte elles å benytte pengar til reklame/ PR for å auke medlemsmassen: framlegg kr. 10.000 i budsjettet. Dermed endar budsjettet opp med kr. 3500,- i overskot/ Driftsresultat. Etter litt kommentarar «langsmed» presidenten si utgreiing, vart rekneskap og budsjett teke til vitande utan endringar. Presidenten kunne deretter ønskje …..

7.   Takk for i kveld og Vel heim til alle.

 

President Nils Arve opna møtet og ønska medlemmer og gjest velkomne.

 

 

 

 



 

Bjørg Dyrkorn Velle var både 3Minutt kronikør og servitør av gode sveler, saman med….

 



 

 

 

… servitør Geir Løseth. Ove gleder seg til å smake, når berre Knut Jarle vert ferdig med å forsyne seg.







Skrivar Olav Pileberg. Foto: OP


 
Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS