Til stades: Nils Arve Schwartz, Arild Sporsheim, Roald Mork, Knut Martin Molnes, Knut Jarle Vik, Knut Henning Aursnes og Steinar Klokk.
1. Nytt styre for 2025 -2026 der vi fortsatt mangler:
Det er nokre plassar til det nye styret som pr i dag ikkje er dekka. Dette gjeld spesielt innkomande president for 2025, innkomande president for 26/27 og leiar for programkomiteen.
Presidenten har i tillegg til styremedlemmane førespurt;
· Kristin Grebstad
· Svein Erik Kampenes
· Geir Løseth
· Asbjørn Riksheim
· Helge Standal
· Ilyas Degirmenci
Vidare gjekk vi gjennom lista over medlemmar som ikkje har vore president pr. no og heller ikkje har vore førespurt. Namn som dukka opp var;
· Hallgeir Lade
· Audun Nerland
· Ingrid Van der Velde
· Linda Aurdal Wales.
Vi tek kontakt med desse etter kvart for å sjå om ein av dei kan ta på seg rollene. Vi tek først kontakt med Hallgeir, deretter dei andre på lista. Takkar Hallgeir ja, så vil vi foreslå at han går inn som innkomande frå no, og så tek den nye kasseraren for å kome i hamn. Forslag til ny kasserar vert i så fall Knut Martin Molnes.
Vidare skal vi ta kontakt med Ilyas om å ta rolla som innkomande president.
Når det gjeld rolla som leiar av Programkomiteen tek Arild kontakt med andre i komiteen og ser om ein kan finne nokon internt.
2. Årsfest for Rotary 7.februar 2026.
Klubb- og administrasjon vert utfordra til å ta tak i utfordringa og jobbe fram ein plan for årsfesten. Presidenten kallar dei inn til eit møte i løpet av nokre dagar.
3. Status for medlemsverving.
Knut Henning orienterte. Har snakka med Sandra Aamodt og vil avtale eit møte med henne for å legge ein strategi for å leige henne inn for å promotere klubben på sosiale medier ifht medlemsverving. Vi håper at dette både vil føre til auka synlegheit og fleire nye medlemmar.
Referent
Steinar Klokk
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb